Sitruslengsel

DSC_0218Eg har nemnt tidlegare at eg har ein forkjærleik for sitrus. Her ein dag tok lengselen overhand og eg måtte til naboen for å låne egg, slik at eg kunne lage sitronsabayonne til laksen. Storhandelen var nett overstått men egga hadde gått i gløymeboka. Godt ein har kjekke naboar to meter frå utgongsdøra!

Sitronsabayonne er sitronsaus som passar like godt til fisk som til kjøt. Den er syrleg, frisk og ein real oppkvikkar no på våren.

Sitronsabayonne (4 porsjonar)*

  • 2 eggeplommer
  • 1ts Dijon-sennep
  • saft og skal frå ei sitron
  • 1 ss tørka persille**
  • 100 g smør
  • 2 ts sukker***
  • 0,5-1 dl olivenolje

Pisk opp eggeplommene, persille, sennep, sukker og sitronsaft over eit vannbad, til du har eggedosiskonsistens. Smelt smøret til det byrjar å bruse i panna. Ta panna vekk i frå plata og la det kjølne i 5 minutt. Vend smøret inn i eggedosisen saman med olivenolje. Smak til med salt og pepper.

Server med til dømes asparges og steikt lakseloin!

* Sabayonne er ein eggedosiliknande fransk saus, som hovudsakleg inneheld egg, sukker, kvitvin og som ein bruker til dessertar. Dette er ein middagsvariant, -framleis med eggedosiskonsistens men med litt utbyting av ingredienser.
** eg brukte persille denne gongen, men estragon er også godt.
*** agavesirup eller sukrin kan også fungere fint om ein ikkje vil nytte vanleg sukker. Litt sødme må likevel til då sitronsafta fører til særs mykje syre. 2 ts sukker kan somme gonger vere for lite, så her må ein smake seg fram.

DSC_0234 3

Eg har tidlegare lagt ut ei oppskrift på klementinsaus som eg nytta til and. Appelsinsaft kan ein også nytte i desse sausane, for ikkje å snakke om lime! Dette har eg ikkje prøvd før, men står høgt på lista. Dersom ein nyttar appelsin eller klementin, treng ein ikkje sukker i sausen, men det må til når ein nyttar sitron og lime.

/Inga

Shoppestopp 2013 / Oppbevaring og vedlikehald av sko

DSC_0188 2   DSC_0164 2

Eit av måla med shoppestopp-prosjektet, var å bli flinkare til å ta vare på klede og sko eg allereie hadde. Dette har ført til ei auka interesse (les: obsession) for saker som renseri, skokrem, saum og det som er.

Det er fint! -For å ta vare på det ein har, er å leve grønt. Lengre levetid og betre stand = mindre avfall. 

6 tips til grøne skovaner:

  •  Ta vare på skoa du har, same kva prisklasse dei er i. God behandling fører til lengre haldbarheit.
  • Om du skal investere i nye sko, bruk pengane på lær og best mogleg kvalitet. Lær pustar og er eit materiale som held lengre.
  • Spør om råd til korleis du skal vedlikehalde skoa i butikken når du kjøper dei.
  • Bruk skokrem, impregnering etc. som er tilpassa skoa. Smør og impregner skoa med jamne mellomrom slik at læret held seg fint og skinnet ikkje får varige skadar av ver og vind. Norsk vinterver med salta vegar, forureining, fukt og kulde gjer at vintersko treng meir stell enn somarsko.
  • Om sålen vert sleten, byt den ut! Det same om du kjøper sko med såle som ikkje toler vatn. Legg på vernande såle hjå skomakar før du tek skoa i bruk. Å nytte skomakar er rimelegare enn å kjøpe heilt nye sko.
  • Bruk skotre eller anna som fyller ut/spenner læret når du ikkje har på skoa (sjå nedanføre). I fjor då eg henta fram støvlettane frå boden, var tuppane på støvlettene bøyd oppover. Læret hadde tørka og trekt seg saman slik at skoa no hadde djupe furer som eg måtte “brekke” tilbake. Dette kan ein unngå om dei ligg i press.

Ein kan fint nytte avispapir eller anna for å fylle ut skoa og spenne læret når skoa ikkje er i bruk. Når læret står i spenn, held dei passforma og ein unngår djupe furer i læret. Om ein vil ha verkty som er meir langvarig og effektivt, anbefaler eg sakene nedanfor.

Skotre

DSC_0169

Skikkelege skotre har eg leita lenge etter. Eg fann mange stader på nettet (Amazon, Etsy etc,), men til slutt gjekk eg til innkjøp hjå skomakar Dagestad i Oslo. Der kunne ein få prøve dei i skoen ein hadde på seg, slik at ein fekk rett størrelse. Eg anbefalar å ta turen dit dersom du skal til skomakar. Eg fekk mykje nyttig informasjon og god service.

Eg kjøpte to par skotre i damestørrelsen L. Eg brukar 39-40 i sko. Skotreet tilpasser seg skoen når du pressar det inn, då fotbladet på skotreet blir pressa ut i breidda i tillegg til lengda. Desse skotrea er laga av sedertre som luktar fantastisk! Godlukt i skoa er difor inkludert. :)

Skaftet i støvletten

Torturreiskap? Neheheida!

Torturreiskap?

Dette er eg rett og slett usikker på kva heitter. Dei vert nytta til å stive opp skaftet på høge støvlettar. Eg kjøpte mine på ein skobutikk (trur det var dna eller Bianco) for nokre år tilbake og er kjempenøgd. Ein kan godt bruke opprulla aviser og stikke ned i skafta, men desse er litt stødigare og held læret i spenn slik at det ikkje rynkar seg.

Små skotre / hovar til høghæla sko

Skal det vere ein rosa hov?

Skal det vere ein rosa hov?

Desse hovane fekk eg også kjøpt hjå Dagestad. Dei nyttar ein i høghæla sko då ein ikkje kan nytte vanlege skotre. Det finst for både spiss og avrunda tupp. Desse er for avrunda tupp.

Obs! Eg anar ikkje om ein kallar det “hov” i skofaget. Eg døypte dei det men det er nok betre om ein spør etter “skotre for høghæla sko”. :D

Smøring og impregnering av sko

 


Dersom ein googlar “how to polish shoes”, kjem det opp eit hav av guidar og tips. Om du skal vere skikkeleg proff, kan denne filmsnutten frå ModernButlers vere kjekk å sjå! :D

/No er skoa mine klare for ferie fram til hausten. Det fine er at eg no mest sannsynleg vil finne dei slik dei var då eg la dei bort. Læret vil tørke, men skoa vil ikkje endre passform då dei er i spenn.

Har de nokre gode tips eller erfaringar med vedlikehald av sko?

/Inga

DSC_0206 2   DSC_0212 2
DSC_0210 2

Mat for sjela

DSC_0239 2

Når ein ein sjeldan gong blir sjuk, regnet høljar ned, det midt i eksamenstid, innspurt på jobben, -og det verste av alt: ein skulle eigentleg ha laga mat med Andreas Viestad og mange andre fine folk nettopp i kveld, – ja, då er dagen litt ekstra grå.

Men. På den andre sida. Andreas Viestad hadde nok ikkje likt at eit feberbefengt, sylta kvinnfolk med whiskeystemme subba rundt på kjøkenet hans. Eg satsar på at det vert dratt i gong eit liknande arrangement igjen (pliiis Matbloggsentral-damene!!) og håpar alle som deltar i kveld koser seg litt ekstra for meg også!

Enn så lenge har eg krøpe opp i sofaen og skal sjå serien The Borgias medan eg slurpar ingefærte.  For å heve stemningen ytterlegare har eg henta fram litt mat for sjela.

Fem saker som gjer sjela mi glad om dagen:

/Inga

P.S. I morgon kjem eit nytt innlegg i kategorien shoppestopp. Stikkordet er “vedlikehald”!

Kvardagsdessert frå Hamburg

DSC_0148 1

Å ete litt dessert i kvardagen er heilt lov spør du meg. Ein liten fruktsalat, litt youghurt, ein smoothie eller andre søte (men nyttige) avrundingar kan vere ein skikkeleg høydare etter ein middag!

Dette er ein rask kvardagsdessert som eg vart introdusert for i Tyskland. Den er god og mektig som berre det. Eg nyttar gjerne frosne bær då ein då får eit fint sø som blander seg ut i kesamen. Elles kan ein også nytte ferske bær og oppskjært frukt i lange banar.

Desserten vert best om du lagar den nokre timar i forkant og oppbevarer den i kjøleskapet til den skal etast.

Ingredienser

  • 2 boksar kesam
  • 1-2 koppar frosne bringebær
  • (honning/agavesirup/ hakka sjokolade m.m.)

Vend dei frosne bæra i kesamen og la det stå i kjøleskapet nokre timar. Då tiner bæra men desserten held seg samstundes kald. Nyt desserten slik som den er, eller toppa med litt honning, agavesirup, sjokolade eller anna godt.

Enkelt og heilt nydeleg!

/Inga :)

DSC_0157 1

Ekstra grovt kvardagsbrød

DSC_0137 2Dette brødet laga eg ut  ifrå brødskalakalkulatoren som eg har nemnt tidlegare. Eg har lenge ynskja å lage ein ekstra grov variant, men har vore litt usikker på fordelinga av mjølsortane.

I dette brødet gjekk eg for ein kombinasjon av ulike mjølsortar. Saman med ulike typar frø, vart det eit saftig og godt kvardagsbrød!

Ingredienser

  • 200 g sikta kveitemjøl
  • 100 g sammalt kveitemjøl, grovt
  • 100 g havregryn
  • 100 g kruskakli
  • 25 g linfrø
  • 25 g sesamfrø
  • 25 g gresskarkjerner
  • 1,5 ts salt
  • 0,5 ts tørrgjær
  • 5 dl lunka vatn*

1. Rør saman dei tørre ingrediensene. Hell i lunka væske og rør blandinga saman. Ein skal ikkje elte, berre røre.

2. Dekk til deigen og la den heve i 12-18 timar.

3. Dryss litt kveitemjøl på eit bakepapir som du har på kjøkenbenken. Legg deigen på toppen. Brett deigen nokre gonger før du legg den med brettesida ned. Legg bakebolla over og la deigen kvile i 2 timar til.

4. Sett ei jerngryte med lok i steikeomnen når det er ein halvtime igjen av etterhevinga. Varm omnen opp til 250 grader.

5. Ta gryta ut av omnen, velt deigen over i gryta og sett den inn i omnen igjen med loket på.

6. La brødet steike på 250 grader i 30 minutt. Etter dette fjerner du loket og seinker temperaturen til 220 grader. La brødet steike vidare i 15 minutt.

7. Løft gryta ut av steikeomnen og kvelv brødet ut på ei rist.

* i grunnoppskrifta står det 4 dl, men då det var ein del frø i tillegg, tilsette eg meir fuktighet.

DSC_0141 2

4cd9c2baa1b912

Ha ein fin tysdag!

/Inga :D

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.