2. påskedag, ein dag for restefest

Som dei fleste kom me heim frå påskeferie til eit ganske så stusseleg kjøleskapsinnhald i går. Me har vore vekke i ei knapp veke, og mange matvarer var gått ut på dato, -eller nærma seg best før-dato med stormskritt. Etter å ha sikra eit par livsviktige saker på butikken i går (hei mjølk og leverposei, -kven kan klare seg utan?), bestemte me oss for at dette vart den store matreddedagen. Dei fleste matvarer er like fine etter best før-dato, og kan trygt etast. Den luraste måten å sjekke det på, er rett og slett å bruke smakssansen. Smakar mjølka nett som vanleg? Ja, då er den like god!

Med nokre kreative innslag vart påskefrukosten beint fram stas. Kokte egg fekk kaninøyrer av tøyserviettar og ein særs moden brie, ein pakke salami og ein slant solbærsyltetøy frå ifjor somar smakte topp.

Vafler med lønnesirup er fast frukost kvar laurdag, men er også supert når ein må slenge saman ei resterøre.

Etter frukost fekk tråringen lage juice av ein pakke slakk spinat, eit eple og nokre appelsiner. Det smakte veldig godt, og me brukte heile pakka. Me blanda også saman ei stor, grov vaffelrøre. I den fekk me brukt 1 liter mjølk som gjekk ut på dato for fem dagar sidan (smakte like godt!), ein slant kremfløyte og resten av eit beger cottage cheese. Med lønnesirup på toppen vart vaflane digg føremiddagsmat!

I ettermiddag skal restene av påskelammet til pers. Me fekk med litt av gårsdagens lammelår frå foreldra mine, -og det skal bli wok saman med ein pakke trøytt grønkål, nokre litt mjuke gulrøter, kokosmjølk og andre restar me kan finne i grønsaksskuffa.

Den eine påskekyllingen har mista augene, og den andre nebbet. Det er tydelegvis hardt å vere heime aleine i påskeferien!

 

Om du treng litt ekstra inspirasjon til restemat, anbefaler eg å lese denne bloggposten av Mette Nygård Havre hjå Spis opp maten. Den omhandler matredningstips for påska, men kan like fint brukast før somarferie og andre feriar.

Har du laga noko digg restemat i dag eller har du andre triks på lur når det er ekko i kjøleskapet etter påskeferie? Eg vil gjerne høyre!

 

Tortillachips

Ein gjengangar på restefronten hjå oss, er tortillalefsene frå fredagstacoen. Når me ikkje lagar sjølve, kjøper me butikken sine og då vert det alltid nokre til overs.

Då dei ofte tørkar ut før me rekk å seie «måndag», blir dei ikkje til matpakkemat. Då er det fint å skjere dei i pizzastykke, strø over det ein har av ost og krydder og steike i omnen nokre minutt. Dei blir sprø og gode, og er supre til suppe, salat eller berre som snacks.

Julegåve i januar

Å gi opplevingar i staden for ting gir lågare belastning på miljøet, men er også veldig stas å både få og gi, -særleg om gåva inkluderer at ein sjølv også er med! Brått kan ein på ein mørk og kald kvardagstysdag i januar oppleve dansarar som gjer ein mållaus av beundring. Dette var heilt fantastisk!

Ballett kan frå no av anbefalast på det sterkaste, -også når ein er så ustødig i bakgrunnskunnskapen at ein må google «Svanesjøen handling» i pausen for å sjekke at ein heng med. Hehe.

Skulekart

For eit år sidan fekk me to gamle skulekart frå syttitalet. Dei er så fine! Begge karta er på tysk, men det er berre morosamt. No skal det eine kartet hengast opp på bornerommet, me må berre bestemme oss for kva for eit, –Tyskland eller Storbritannia? Med omsyn til at Tyskland er delt på det tyske kartet, gir det ei stemme til Storbritannia. På sistnemnte ser me til og med ein flik av Noreg, -og viktigast av alt: Haugesund!

I mellomtida tykkjer sonen karta er geniale leikeunderlag. Kven har ikkje drøymt om å farte rundt i Tyskland i ein Lego-pizzabil?