Søndagsmorgon med Bergenslengt

I dagmorges då eg steikte rundstykke til frukost, lukta det brått Godt brød på kjøkenet. Godt brød i Vestre Torvgate i Bergen, rett nedanføre Nygårdshøyden. Der me gjekk på kryss og tvers som studentar og sniffa på den deilige lukta frå bakeriet då me gjekk forbi. Det lukta nybakt brød og kanel, -og det gjorde det her også i dagmorges, då mannen baka kanelbollar eit par dagar før. Det er rart med lukter. Dei kan ofte framkalle sterke minne hjå meg, og etter denne morgonen vart ikkje lysta på ei bergenshelg mindre. Tenk på alle studentar som får oppleve studiestart i Bergen i desse dagar. Oi oi oi, så heldige dei er! Mon tru om me kan få tatt ei helg der i løpet av hausten.

Uansett, desse rundstykka pleier eg å lage 3-4 gonger i veka. Det vert rundt 8 rundstykke, og det er akkurat nok til frukost, ein matboks og kvelds. Det vert betydeleg mindre matsvinn når me lagar få rundstykke i staden for mange om gongen. Ein kan alltids fryse ned, men med eltefri deig er det så enkelt at ein kan røre saman ny deig kvar kveld. Då har ein i tillegg rykande ferske rundstykke på under 30 minutt dagen etter. Etterheving er nemleg ikkje nødvendig!

6-8 rundstykker*

  • 250 g sikta kveitemjøl
  • 150 g sammalt rugmjøl eller anna grovmjøl
  • 50 g havregryn
  • 50 g sesamfrø
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 krm salt
  • 4 dl vatn

Rør saman alle ingrediensene og dekk bolla med eit lok, fat eller anna som held det nokonlunde tett. La det heve over natta.**

Morgonen etter tek du ei sleiv og lagar 6-8 jamnstore klattar med deig på eit steikebrett dekka med bakepapir. Dryss sesamfrø på toppen. Sett steikebrettet inn i kald omn og sett den på 225 grader. Steik i ca. 20 minutt. La dei kjølne litt før du serverer.

*eg lagar desse rundstykka alltid på slump etter kva eg har i kjøkenskuffa, men hovudregelen er at det bør vere minst halvparten sikta kveitemjøl. Elles vert dei ikkje gjennomsteikte.

** eg set som oftast deig i ni-ti-tida om kvelden før eg går og legg meg. Då får deigen rundt åtte timars heving, før eg står opp igjen.

Ha ein fin søndagskveld!

/Inga

 

Grove sjokoladekjeks

Onsdag er den store handledagen hjå oss, så dagane før prøver me å ete opp alle matrester og anna som går ut på dato i kjøleskapet. Då hovudmålet er å kaste minst mogleg mat, fører det med seg ein heil del interessante middagar… Maten er ikkje alltid ein hit hjå samtlege familiemedlemmer, men den vert stort sett eten opp.

I dag ville ungane bake noko. Me enda opp med å bake grove, mjuke sjokoladekjeks. Då me ikkje hadde sukker, lønnesirup eller anna søtningsmiddel i hus, laga me dei utan. Dei smakte litt som grove rundstykke med sjokolade og valnøtter. Ikkje søtt, men veldig godt. Viss eg skal bake desse grove kjeksa igjen, kjem eg nok likevel til å tilsette sukker eller anna søtt. Likevel var det ei fin oppdaging at grovt mjøl funkar fint i kjeks! Eg enda opp med å ete kjeks til frukost i dag, eg. Hehe.

Ingredienser

4 dl grovbakst

5 dl havregryn

2 ts bakepulver

100 g grovhakka sjokolade

1 dl grovhakka valnøtter

100-150 g smelta smør

1-2 dl eplejuice (dette var ein rest me hadde i kjøleskapet, men ein kan like gjerne bruke vatn)

Bland det tørre og tilsett så det våte. Bland godt og form små kuler (ca. 1ss deig) som du presser ned slik at dei vert flate. Steik på 175 grader i ca. 15 minutt.


Wednesday is our shopping day, so the days before, we try to finish off all leftovers and other food that is expiring. As the main goal is to discard as little food as we can, we tend to have many interesting dinners… The food is not always a hit among all the family members, but most of the time it is eaten up.

Today, the children wanted to bake something. We ended up making soft, whole wheat chocolate chip cookies. As we did not have sugar, maple syrup or other sweeteners at home, we made them without. They tasted like whole wheat buns with walnuts and chocolate. Not sweet, -but still delicious. If I’m going to bake them again, I will probably add some sugar or maple syrup. Still, whole wheat flour was not a bad idea in cookies! I ended up eating cookies for breakfast today. 


/Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Müslimuffins

Forrige veke kom eg i skade for å sei at «nei, no har ikkje ungane vore sjuke i sidan i vår». Kva skjedde? Jo, denne veka enda med sjukdom på begge. Det slår aldri feil. I tillegg er det noko seige greier, som har slått ut store deler av barnehagen.

I går var me heime på tredje dagen, og tålmodigheten byrja å skrante både hjå born og vaksne. «Å vere heime er mykje meir keisamt å vere i barnehagen», hevda treåringen. Då måtte me heve nivået på underhaldninga litt. Det vart baking.

Ofte når eg bakar, held eg meg ikkje til oppskrifta og eg tar det eg har. Det kan få litt ulike utfall, men denne gongen gjekk det så bra, at eg må dele oppskrifta.

Tanken var å lage muffins, men då me ikkje hadde former, enda eg opp med å bruke nokre små silikonformer eg kjøpte til eit sjokoladeprosjekt ein gong. Resultatet vart søte minimuffins som fungerer like bra heime på ein sjukedag, som ute på tur. Då det er ein del smør i dei, smakar dei litt Brioche-aktige, -og det er aldri feil.

Müslimuffins (ca 20 minimuffins)
  • 100 g smør
  • 2 egg
  • 1-2 modne bananer*
  • 2,5 dl kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 dl müsli**

Smelt og avkjøl smøret. Mos bananene og bland dei saman med egg og smør. Etter det tilsetter du resten av ingrediensene men spar 1/3 av müslien. Bland røra og hell i muffinsformer. Strø resten av müslien på toppen.

Steik på 225 grader i 12-15 minutt. Server når dei er litt avkjølt, eller frys dei ned til ei hyggestund seinare.

*Eg brukte 1 banan pluss ei halveten ei som ingen ville ha. Ein kan smugle mange restar inn i ei muffinsrøre.

**Eg hadde ein rest med Axa sin blåbærmüsli i skapet. Den var veldig god i røra!

Server med eit glas iskald mjølk og ein gamal slager som Doktor Dyregod, -eventuelt Hakkebakkeskogen på tv for n’te gong.

Ha ein flott dag!

Inga 😀

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Sjokoladeboller med lønnesirup

I kveld er siste skikkelege feriekveld, og då er det fint å ha restar etter kaffibesøket i dag. Som så ofte vart det også sjokoladeboller. Det er lettvint, ein har som oftast alle ingrediensene i skapet og det smakar «lika gått så lørdagsgåttår» som ein så fint sa det i dag.

Sukker var det brått tomt for i dag, men i staden brukte eg lønnesirup. Like godt, og ein slepp knusinga i tennene når ein et dei med sukker.

Dagens sjokoladeboller:

  • 3 dl havregryn
  • 100 g romtemperert smør
  • 1-2 ss lønnesirup
  • 2 ss kakao
  • 1 ts vaniljesukker
  • 2 ss kald kaffi

Eg likar å male opp havregryna før eg blandar dei saman med resten av ingrediensene, men det er ikkje eit must. Bland alt saman, rull kuler og vend dei i kokos. Sett kjøleg i kjøleskapet til dei skal serverast.

Nyt!

LagreLagre

Avfallsrundstykke

dsc_0380

Å bruke malten frå ølbrygging i brøddeig, er utruleg godt. Ein får ein saftig og rik smak på brødet. Om du ikkje bryggar sjølv, kjenner du kanskje nokon som bryggar og som ikkje har bruk for avfallet? Om du ikkje skal bruke alt med ein gong, kan du fryse malten ned i mindre porsjonar så du har til seinare.

Det enklaste er å bruke ei eltefri oppskrift. Sett ein deig om kvelden før du legg deg, og steik rundstykka neste morgon. Det er svinte og midt i blinken for oss som stadig vekk saknar fleire timar i døgnet!

dsc_0384

Halvgrove ølrundstykke/avfallsrundstykke
  • 350 g sikta kveitemjøl
  • 150 g sammalt, grovt kveitemjøl
  • 1,5 kopp maltavfall
  • 50 g sesamfrø/linfrø
  • 1 knip salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 4 dl lunka vatn

Rør saman alle ingrediensene. Legg eit lok på bolla og la deigen kvile i 10-12 timar.

Deigen er litt klissete etter heving, så om du vil rulle rundstykka, kan det hende du må tilsette litt meir mjøl. Eg tek berre ei sleiv og legg klattar på steikebrettet. Rundstykka får ein rustikk utsjånad, men det er berre fint. Eg pleier å lage omtrent ni store rundstykke av denne deigen.

Sett steikebrettet i kald omn, og steik på 225 grader i ca. 25 minutt.

dsc_0388

God frukost!

Eg har tidlegare brukt maltavfallet i knekkebrød. Det var også veldig godt!