Har du influensa, er litt småpjusk eller berre har lyst på noko skikkeleg godt å varme deg på, er golden milk noko du må prøve! Golden milk har sitt opphav i India, og er kort og godt kryddermjølk. Det skal visst nok ha fleire helsebringande effektar, men om dette stemmer veit eg ikkje. Eg drikk det likevel gjerne, då det smakar utruleg godt og er eit fint alternativ til te, kakao og kaffi.
Golden milk (2 koppar)
1 ts kokosolje
1 klype pepar
1 ts gurkemeie
1-2 ss finreven ingefær
0,5 ts kanel
1 ss honning
4-5 dl mjølk / mandelmjølk / soyamjølk / havremjølk
Smelt kokosolja i ein kjele på svak varme. Køyr dei andre ingrediensene i ein blender eller med stavmiksar. Hell heile mjølkeblandinga over i kjelen med kokosolje. Varm opp til det byrjar å ryke, medan du rører rundt. Sil mjølka over i to koppar og nyt!
–
Eg har ein influensa som eg ikkje blir heilt kvitt og slit litt med å finne roen når det er vinterferie og det er så mange ting eg burde ha gjort. Men no har eg funne fram Olaug Nilssen si siste bok og skal sette meg ned med den. Eg har høyrt mykje godt om den, men også at den er tøff lesnad. Har nokre av dykk lest den?
Ha ein fin onsdag alle saman!
/Inga