
I dag gjorde eg noko eg sat og drøymde om under eksamensinnspurten i vår. Eg via ein heil dag til trasking, kiking, eting, drikking og heng med fine folk i tigerstaden. For å gjere ein morosam tvist på det, laga eg meg ei grøn rute for dagen, inspirert av ulike Oslo-guidar og tips frå andre.
Her er ein liten, grøn guide for ein dag i Oslo, -nærare bestemt Grünerløkka, då området rundt Olaf Ryes plass har flust med flotte øko-stader ein bør besøke.
Eg fekk ein heidundrande fin dag på Løkka. Kanskje får du også lyst til å ta turen?
Godt brød, Thorvald Meyers gate 49.
Då eg var student i Bergen forelska eg meg i Godt Brød. Konseptet og maten er heilstøypt og velsmakande. Dei får stort pluss i boka då ein kan sjølv velje pålegg, ost, pestoar, grønsaker med meir og få nybakst påsmurt der og då. I tillegg har dei eit rikt utval av andre bakervarer, kortreiste, økologiske produkt og god kaffi.
Dette vart eit naturleg stopp for frukosten i dag. Her hadde dei også ein koseleg bakgård med søte fuglar, gløtt frå morgonsola og god stemning.
Balanzera, Sofienberggata 2b.
Håret mitt er ikkje så godt vedlikehaldt. Eg hugsar ikkje sist eg var hjå frisøren. Som oftast er det mannen som stussar det litt, men det har eg også gløymt ut å be han om det siste året. No såg det ut som eit kosteskaft på endane og i den anledning bestilte eg time hjå den økologiske frisørsalongen Balanzera. Eg har høyrt gjetord om denne salongen så forventningane var skyhøge.
Forventningane vart innfridd. Så til dei grader. Eg fekk verdens hyggelegaste frisør som forstod med ein gong korleis eg ville ha det (det er ikkje eg vand med!) og som gav meg den finaste klyppen eg har hatt nokon gong. Ho brukte berre økologiske hårprodukt. I staden for å lukte kjemikalier lukta produkta berre himmelsk godt og gjorde håret mitt silkemjukt og fint.
Kombinert med søvndyssande hovudmassasje, servering av kaffi/te og gode råd med omsyn til økologiske hårprodukt (utan at noko vart pressa på deg), svevde eg særs nøgd ut døra. Eg kjem tilbake!
Frelse, Markveien 51.
Frelse er ein liten hudpleiebutikk som berre sel økologiske merke. Her finn ein kjende merke som Weleda og John Masters Organics, men også mindre og meir ukjende merke. Her kan ein finne mykje spanande og ikkje minst få gode råd av den engasjerte og enormt hyggelege dama som jobbar der. Eg vart reint glad av å kike innom!
Fretex, Sofienberggata 8.
Som sagt kan eg kjøpe brukt dette shoppestopp-året. Eg har ikkje kjøpt noko enda, men tok turen innom Fretex i dag. Eg er ikkje bevandra i second hand-verda og vart overraska over kor fresh butikken var. Der eg hadde forestilt meg eit hav av bruktklede hulter til bulter, var det her fargekoordinert og kult presentert. Der var mykje fint og eg må tilbake!!
Planen var også å stikke innom Frøken Dianas salonger og Velouria Vintage, men tida strakk diverre ikkje til. Eg har høyrt mykje skryt om desse to stadene. Eg planlegg ny vintage-ekspedisjon til Løkka, for her er det tydelegvis noko eg går glipp av.
Food Story, Thorvald Meyers gate 61.
Food Story er ein bistro med fokus på kortreiste, nordiske råvarer. Dei tilbereder maten utan kunstige tilsetjingsstoff og med flest mogleg økologiske råvarer. Eg åt lunch her i godt lag og gjekk for dagens lunchrett som var røykt røye med skagensalat og nypoteter. Det var heilt nydeleg!! Med økologisk rabarbrasaft til, var smakslaukane meir enn nøgde og eg trilla ut att.
Dette er ein særs anbefalt lunsjstad og eg må tilbake for å prøve middagsmenyen også. Dei har store porsjonar og ein hyggeleg bakgård som ein kan sitje ute og ete i.
Mathallen, Maridalsveien 17.
Eit sjølvsagt grønt stopp i Oslo er Mathallen. Her finn ein eit rikt utval råvarer (mellom anna mykje økologisk) og etemoglegheiter. Å tusle rundt og smake, lukte og gjerne kjøpe med seg fine saker til å ta med heim, er kort og godt definisjonen på god stemning!
(Om du er skeptisk til prisnivået i Mathallen, anbefaler eg å lese Joacim Lund sin kommentar Er Mathallen et kaksefenomen?. Oppklarande og viktig lesnad.)
Akerselva
Når ein er mett etter å ha smakt seg gjennom Mathallen og er metta på butikkinntrykk elles, er det fint å slentre ein tur langs Akerselva. Små fine lunger langs vegen, fine fordums industribygningar og ei klukkande elv gir sjelero.
Om du er nysjerrig på økologiske utsalsstader og restaurantar i Oslo, anbefalar eg Ren Mat sin økoguide. Den byr på mykje interessant lesnad.
Har du nokre fine økotips i Oslo-området eller stader elles i landet? Kom med dei!
/Inga