Cut the Crap

Utklipp frå Aftenposten.no. Klikk på bilete for å komme til artikkelen.

Det er på tide å redusere antal turar til søppeldunken. 

Eg vart skikkeleg inspirert av Aftenposten si sak om Kristine Ulleland og ZeroWaste-røyrsla i helga. Eg har fulgt ZeroWaste-røyrsla med stor interesse dei seinaste åra, då det er fascinerande kor lite avfall desse menneska klarar å produsere. Samstundes har ZeroWaste blitt kritisert for å vere eit sidespor, då resirkulering og forbrenning av avfall ikkje er den største miljøfienden. Ein reduserer eige miljøavtrykk i mykje større grad om ein til dømes kutter ned på flyreiser, bilkøyring og kjøtkonsum.

Likevel er eg, -som mange andre, bekymra over kor mykje avfall ein familie produserer i løpet av ei veke. Det er enormt mykje når eg ser på antal søppelposar me ber ut døra. Då me dei siste månadane også har gjentatt gonger blitt påminna om all plasten som hamnar i naturen, kjennes det heilt feil å fortsette å produsere så mykje avfall som me gjer. At avfallsbrenninga ikkje fører til så store klimautslepp som ein trur, er eit fattig argument når ein les om kval som døyr etter å ha fått i seg 30 plastposar, og mikropartiklar i toalettsakene våre som blir skylt ut i naturen.

Forskar ved NTNU, Kjartan Steen-Olsen uttalar i Aftenposten-artikkelen: «– Fokus på kildesortering og reduksjon av emballasje vil i seg selv ikke gi veldig store bidrag til klimagassreduksjon, sammenlignet med en del andre tiltak. Men i den grad det er snakk om å redusere materielt forbruk totalt sett, så er det i høyeste grad viktig». Altså vil ein reduksjon av avfall føre noko med seg likevel.

Eg er motivert for å kutte ned på avfallet, og første punkt på programmet er å kutte ned på produkt med emballasje når me tek vekeshandelen. Eg er spent. Mannen er skeptisk. Er du med?

Miljøvern gjennom økonomisk stimuli

uten-navn

Denne fine saka poppa opp i Facebook-feeden min i dag. Sverige har innført skattelette på reperasjonar av klede, syklar og kvitevarer. Målet med skatteletta er å kjempe mot bruk-og-kast-kulturen i samfunnet og redusere fotavtrykket innan klima som produksjonen av varer fører med seg.

Til dømes har skatten på reperasjonar av klede og syklar, mellom anna blitt senka frå 25% til 12%. Kor flott er ikkje det?!

Eg trur tida er overmoden for fleire økonomiske stimuli for å få folk til å leve meir miljøvenleg. Mange ynskjer å redusere eige fotavtrykk på klima, men treng eit lite dytt i rett retning.

Det blir spanande å fylgje den grøne politikken framover mot neste stortingsval!

Lag ein inkluderande hage

Frå ein særs inkluderande hage. Byhagen vår ser på ingen måte slik ut. Me har ein lang veg å gå!
Frå ein særs inkluderande hage. Byhagen vår ser på ingen måte slik ut. Hehe..

Naturvernforbundet har laga ei fin liste over korleis ein kan lage ein hage kor fuglar, pinnsvin, humler og andre insekt får lyst til å komme på besøk (og gjerne busette seg!). Har du ein hage med populære blomar, le og gøymestader for dei små, støttar du opp om den lokale økologien. Det er eit fint miljøtiltak og som gevinst får du små hjelperar til å halde hagen frodig!

Me bur i eit nytt byggefelt med store grøntareal, men med få blomar og andre buskvekster. Guiden til Naturvernforbundet er difor heilt genial for oss som har ein grøn plen som utgangspunkt, -men også for dykk som har etablerte hagar men som vil gjere dei enda meir inkluderande for dei små og ville. Kanskje kan du starte med kompostering, eller lage ei «hytte» for potensielle pinnsvin? Her er mange artige forslag som er enkle å få til.

Det er mange måtar ein hage kan vere inkluderande på. Som når ein har eit heftig overskot av squash og gresskar, og ender opp med å sette opp sjølvforsyningsbod i vegkanten!
Det er mange måtar ein hage kan vere inkluderande på. Som når ein har eit heftig overskot av squash og gresskar, og ender opp med å sette opp sjølvforsyningsbod i vegkanten. (Etne, somaren 2014).
DSC_0074
Her frå «humlehagen» på hytta til nokre vener av oss. Dei hadde kort og godt latt vere å klippe deler av plenen, slik at humlene på øya fekk tilgong på nektar frå markblomane der. Så lurt og fint!

Første prosjekt her er å henge opp eit lite humlehotell (det er forresten ein artig sak) eg fekk i gåve i fjor, i tillegg til å plante urter og blomar som humlene likar. Eg var på hagesenteret i dag for å ta ein kik, og det er utruleg mykje kjekt ein kan plante. Eg vart litt sugen på å få meg nokre pallekassar eg kan ha oppe på terrassen. Tanken er å så blomar men også grønnsaker. Me hadde mellom anna sukkererter i fjor, og  det hadde vore utruleg artig å utvide matproduksjonen. Men. Først skal blomane i fokus. Ei fin liste over blomar som humlene elskar finn du her.

Har du nokre gode erfaringar, tips og triks til korleis ein kan invitere insekt, fuglar og småvilt på besøk?

/Inga

Cheap Fashion is Kinda like the Donald Trump of Industries

Ifylgje ny forsking frå NTNU, er forbruket vårt verst for miljøet. I løpet av eit heilt liv, er heile 80% av utsleppa me er ansvarlege for, grunna varene me kjøper. Forbrukarkulturen og kjøp-og-kast-mentaliteten fører til enorme klimautslepp. På eine sida er det skremmande. Samstundes er dette også langt enklare å gjere noko med, samanlikna med mange andre miljøtiltak. Det er ein lettelse.

Holete genserar etter eit års ivrig bruk.
Holete genserar etter eit år med ivrig bruk.

For litt inspirasjon, anbefalar eg å sjå den fine video-snutten frå Grist. Den er underhaldande, veldig informativ og med gode tips til korleis me kan kle oss «grønare».

 

Green fashion:

1. buy less
Kort og godt.

2. shop smarter
Kjøp økologisk bomull, fair-trade og andre plagg som tek ansvar for prouksjonstilhøva. -Både for menneske og miljø.

3. look for durability and good design
Sjekk vaskelappen for gode materiale. Kjøp plagg som du ser for deg at du også kan bruke sjølv om ein trend går over i ein annan.

4. don’t trash it
Gi bort kleda til Fretex, Uff eller andre som tar i mot brukte klede.

5. get a lil» dirty
Vask kleda dine sjeldnare. Kleda har det ofte betre, dei varar lengre og me sparar miljøet.

Plass til pupper, mage og masse kake!!! HURRA!!
Nøgd shoppestoppar som fekk låne kjole. Å låne, leige eller kjøpe brukt er undervurdert!

Det er tre år sidan eg gjennomførte eit år med shoppestopp. Det som skulle vere ei enormt stor utfordring, viste seg å vere langt enklare (og ikkje minst meir behageleg) enn eg hadde venta. Til og med då eg pressa inn ein graviditet midt i året(!).

Fråveret av kjøpepress og tanken om at «eg har ingenting å ha på meg, -så eg må kjøpe noko nytt», har merka tankesettet mitt sidan. I staden for handleliste, har eg ønskeliste. Eg kjøper gjerne brukt. I staden for storshopping hjå kjedebutikkane, har eg blitt meir oppteken av kva som står på vaskelappen. Det er betre å legge meir pengar i få plagg, enn å kjøpe flest mogleg plagg for ein rimeleg penge. Det er bra for klesskapet, lommeboka, -og viktigast av alt miljøet!

Ha ein fin kveld!

/Inga

 

Grøne nyttårsløfter

DSC_0236
Endeleg frost på skifertaket. Etter ein alt for varm desember, kom vinterkulda 1. januar!

I desse dagar er det mange som har nyttårsforsett for det nye året. Kvifor ikkje gå for nokre grøne mål dette året?

Tenk over kva du kan gjere i din kvardag og med dine vaner, som kan bidra til klima og miljø. Kanskje kan du kutte ned på plastbruken og byrje å nytte handlenett i butikken? Kanskje kan du innføre ein eller fleire kjøtfrie middagar i veka? Kanskje kan du ha shoppestopp eit år? Det er mykje ein kan gjere som reduserer eigne utslepp i kvardagen.

Eg skal samle på bilfrie dagar. Målet er å la bilen stå mest mogleg og heller nytte sykkelen og beina. Me testar ut piggdekk til sykkel denne vinteren og det går strålande (eige innlegg om dette kjem). Likevel ser eg at me lett gløymer oss ut og nyttar bilen på korte turar som me kunne ha nytta sykkelen eller beina til. Gamle vanar er vonde, -men ikkje umoglege, å vende. Mitt mål er altså å bli mykje meir bevisst på dette i 2016!

Elles må eg anbefale shoppestopp, -anten for eit heilt år eller ein kortare tidsperiode. Dette er noko av det meir interessante og nyttige eg har gjort med omsyn til miljøet. -Og effekten sit fortsatt i, to år etter. Konklusjonen min etter shoppestopp-året kan de lese her.

Kva seier de? Er de med på nokre grøne nyttårsforsett? Eg heiar på dykk!

/Inga

Og psst! Om du eigentleg hadde tenkt å gå for somarkroppen 2016 eller 100 dagar utan sukker, er frynsegoda med bilfrie dagar, kjøtfrie mandagar og meir sykling, at ein faktisk får ein sprekare kropp. Vinn-vinn!