Grøne mål i 2018 oppsummert

I fjor skreiv eg om grøne saker eg skulle fortsette med i 2018. Det er på tide å ta ein liten runde på korleis det gjekk og kva eg tar med meg vidare i 2019. For å sei det sånn, -det kunne gått betre!

1. Fortsette å handle ein gong i veka og ha 1-2 restedagar

Dette har gått, -i periodar. Likevel syns eg det har blitt alt for mykje matkasting dette året, men slik blir det gjerne med små ungar. Mykje av maten me kastar er rett og slett halveten mat frå meir eller mindre kresne born. Eg er eigentleg familien sin restekasse, då eg ofte tek med meg middagsrester og slikt på jobb, -men om eg skulle ha ete opp maten til ungane også, hadde eg nok trilla rundt! Med omsyn til mathandel har me stort sett klart dette greit. Me hadde ein periode med middagskassar i haust, som gjorde dette enda enklare, men no tek me ein periode der me handlar inn alt sjølv. Ein til to restemiddagar er fast i veka. Me jobbar vidare med dette i 2019!

 

2. Fortsette å fase ut eingongsplast og anna unødvendig avfall i heimen

Dette syns eg også har vore innmari vanskeleg dette året. Eg hugsar ikkje sist eg kjøpte plastfolie og små plastposar, og bivokspapir og handlenett er blitt gode vener.  Likevel produserer me enormt mykje plastavfall frå matvareemballasje. Eg hadde nokre veker i 2017 der eg prøvde å handle så emballasjefritt som mogleg, men då måtte eg innom fleire butikkar i løpet av ein handel og det er utfordrande å få til i ein travel kvardag. Eg går for å handle mest mogleg emballasjefritt i daglegvarebutikken der eg handlar, og skal prøve å bli enda flinkare i 2019!

3. Plukke meir søppel

Dette har eg gjort jamnt gjennom året og det skal eg sjølvsagt fortsette med i 2019! Å alltid ha med seg ein søppelpose på tur, er ein lur vane!

4. Fly minst mogleg

Dei siste to åra har eg hatt kun to flyturar i året. Ein utalands og ein innanlands. Den eine har vore jobb og den andre privat. i 2018 vart det tre flyturar, ein med jobb og to privat. I år skal eg prøve å komme ned i maksimum to igjen.

5. Ete mindre kjøt

Dette er kanskje det som har gått best dette året. Eg har ete særs lite kjøt og frå å ha 1 vegetarmiddag i veka, har me per i dag minst tre. Å prøve vegetarkassa til Adams matkasse i haust var ein skikkeleg inspirasjonsboost og eg lærte mange nye rettar me gjerne lagar igjen og igjen. Eg går for eit nytt år som fleksitarianer og satsar på enda mindre kjøt og meir plantebasert!

6. Ha 30-50% bilfrie dagar i løpet av ein månad

Huttetu…denne har eg dårleg samvit for! I haust har me brukt bilen særs mykje. Barnehageleveringa om morgonen er vår akilleshæl. Då eldstemann ikkje passar i sykkelvogna lenger og han ikkje er stødig nok til å sykle til barnehagen sjølv, tek gåturen til barnehagen litt for lang tid om morgonen. Særskilt når ein skal i motsatt retning etterpå. Sjølvsagt kan ein stå opp ein halvtime før, men du veit, dei kvardagsmorgonane har ein tendens til å blir klurete og då har vegen til bilen blitt rimeleg kort. Stor sett køyrer me på elektrisitet, men dette står høgt på prioriteringslista denne våren. Denne humpen i kvardagen skal me til livs. Det er jo så mange fleire fordeler med å bruke sykkelen!

7. Ha shoppestopp av klede og sko til meg sjølv i eit år

Dette varte i ganske nøyaktig seks månadar. Då eg måtte reise tre dagar til Stavanger for å vere sensor, skjedde pakkinga litt for fort og eg mangla både det eine og det andre. Eg måtte krype til korset og ut på handel. Då rakna heile prosjektet for denne shoppestopparen, for å sei det mildt. Etter det vart det eit somarskjørt og eit par joggesko. I tillegg har eg handla mykje fint på Tise! Denne bruktappen er heilt genial og eg handla fleire fine saker der i haust.

Vert det eit nytt shoppestoppår? Nei, eg trur ikkje det. Eg har dei seinaste åra handla så lite klede at mykje byrjar å bli utslete. Mesteparten som har komt i hus, har eg arva frå venninner og noko har eg kjøpt brukt. Eg fortset heller med handlebremsen litt på, med fokus på å kjøpe brukt og/eller færre nye ting av betre kvalitet og haldbarhet.

Luksus innpakka i biepapir

For nokre veker sidan fekk me eit stort stykke parmesan frå ein god nabo som hadde vore på ferie i Italia. Den smakte heilt nydeleg, og har blitt brukt til alt i frå høgtidleg pålegg på knekkebrødet til topping på pasta og supper.

Samstundes prøver me å spare lengst mogleg på den! Då er det fint at me har bivokspapir i hus. Det har vore i bruk sidan eg fekk det til jul, og det er heilt genialt! Eit mykje smartare alternativ til plastfolien. Parmesanosten kan oppbevarast lenge i kjøleskapet, utan at den mister smak eller tørker ut.

Bivokspapir kan ein få kjøpt hjå Økokrambua og hjå Life Brandtzæg i Skippergata her i Haugesund. Ein finn det også på nett hjå Agent M og hjå Be:Eco Shop.

Bloggen kjem tilbake

Først av alt, tusen takk for alle tilbakemeldingar og ynskje om at bloggen skulle komme tilbake! Eg var ikkje klar over at så mange sette pris på den. Det gler meg voldsomt.

Eg har sakna å skrive og dele engasjementet mitt. Det er min litle fristad der eg får «tømt meg» for miljøvenlege tips og triks, men også kor eg får utruleg mange innspel frå dykk kloke menneske som fylgjer meg. Bloggen kjem altså tilbake. Den er i og for seg eit overskotsprosjekt, så det er ikkje sikkert det kjem innlegg kvar veke, ei heller kvar månad. Men kjem det ikkje innlegg ein periode, så betyr det ikkje at engasjementet er dalande. Snarare tvert i mot! Livet går berre av og til i racerfart, -noko sikkert fleire av dykk har erfaring med! Hehe.

Har de innspel om tema for blogginnlegg, saker eg burde ta opp eller finne ut av, legg gjerne igjen ein kommentar her, på Instagram eller på mail. Det blir eg veldig glad for!

Me bloggast!

Klem frå Inga 🙂

Frå ein av mange fine somarmorgonar i Mandal. Krabbeteinetrekking med dei to kråkebollene mine.

Kjære butikktilsette

Det er ei sak eg stussar med ofte når eg går og handlar, -at dei som sit i kassa ofte putter varer oppi ekstra plastposar utan at kunden har bedt om det.

Eg vel ofte bort dei små, tynne posane til frukt og grønt. Anten har eg med eigne vaskeposar som eg bruker til dette, eller så legg eg berre frukten og grønsakene laust i korga. Det er ikkje krise. All mat blir vaska før me lagar mat av den, og mykje av frukten og grønsakene blir i tillegg skrelt.

Nesten kvar gong på butikken* opplever eg likevel at dei tilsette legg frukten og grønsakene mine i plastposar når dei skal bipe det gjennom kassa. Det er heller ikkje berre frukt, men også sjokoladar (som allereie har emballasje rundt seg), blomar, og småting vert lagde opp i desse plastposane før dei vert levert tilbake til meg. Det er rart, for eg ber aldri om det. Nokre gonger har eg oppdaga det før plastposen vert tatt på, -og takka nei. Men andre gonger der eg for oppteken med å legge varer på bandet, har eg brått fått 3-5 små plastposar ekstra med varene mine. Det er kjempe synd!

Ein mogleg grunn kan vere at dei tilsette er redde for at varene skal ta skade, skitne til dei andre varene eller anna før kunden kjem heim, -men det tenkjer eg er kunden sitt problem. Ber ikkje kunden om ekstra småposar i kassa, bør ikkje dei tilsette tilby det, eller ta det på utan å spørje.

Eg håpar butikktilsette kan vere med på ein slik dugnad! Det betyr mindre avfall, sparing av utgifter, meir nøgde kundar og er eit fint tiltak for miljøet.

*dette har eg opplevd både på Spar, Coop Prix, Kiwi, Rema 1000 og Meny.

Ei sitron treng ikkje ekstra plast rundt seg. Den passar like fint rett i handlenettet, -eller i handa!

Har du opplevd liknande og tykkjer du at det er eit problem?

Ha ein fin dag!

/Inga 🙂

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Grønt i januar

I går var det reine vårstemningen i Haugesund, og eg fekk nesten lyst til å ta fram hagemøblane og takke vinteren for innsatsen for denne gong. Det er så kjekt når våren kjem, det vert lysare ute, me drikk kaffi med naboane rett som det er og går ut og inn av kvarandre sine hagar. Det er herleg! Men men, me får vere i vintermodus litt til, -me skal tross alt på vinterferie snart og allereie til veka skal eg til det snødekte Austlandet. Det gler eg meg til!

Januar gjekk raskt denne gongen, men fleire fine grøne saker skjedde. Mellom anna laga eg bivokspapir for første gong!

Eg fekk reparert nokre sko eg hadde gitt opp håpet for. Det var stas det!

Eg delte eit av dei finaste bruktplagga eg har. Det tredve år gamle skinnskjørtet som er like fint i dag!

Eg laga fuglemat på høggir og fekk eit yrande fugleliv i hagen då snøen kom.

Eg reparerte tur- og treningsklede som hadde større og mindre slitasje. Endeleg kunne eg ta alt i bruk igjen!

Utklipp: Haugesund avis. 25. januar 2018.

Eg var særs bekymra for all gummigranulaten som vert spreidd frå kunstgrasbanane rundt om.

Eg vart imponert over det rikhaldige innhaldet i programmet til Klimafestivalen 112, og konstaterte at noko må også skje i Haugesund til neste år!

Eg fekk både ein genser og eit par sko i gåve av venninner som ikkje skulle ha dei lenger. Så langt går dette shoppestopp-året umerka hen. Eg har ikkje heilt tenkt over at eg har shoppestopp enda, så det er eit godt teikn! Det einaste eg er litt bekymra for er det minkande talet på heile strømpebukser i klesskapet. Det tenkte eg ikkje på å bunkre opp med då eg byrja!

Om det er noko du saknar av innhald her inne på Notisboka, som du tykkjer eg burde ha skreve om, undersøkt eller tatt opp, gi ein lyd i kommentarfeltet eller på mail! Det er veldig kjekt og interessant å få innspel.

Ha ein fin søndag, då folkens!

/Inga

LagreLagre