Julekalenderen er over, og for ei oppleving det har vore!
Først og fremst vil eg sei tusen, tusen takk til de 24 som takka ja til å vere med. Makan til interessante folk med entusiasme, engasjement og positivitet! De har levert spanande og underhaldande svar som har gjort det kjekt å lese. De har vist at miljøengasjement er å finne alle stader. Frå det å passe på søpla si, -til det å bygge ei karriere på miljøengasjementet. Alt engasjement og alle tiltak er viktige og verdifulle, -og om me roper høgt om det, inspirerer me også andre!
Det er mykje snakk om det grøne skiftet som skal skje på alle plan i samfunnet. Likevel kan det ofte framstå som at det er noko diffust som skal skje ein gong i framtida. Svara dykkar viser at det grøne skiftet skjer no. Her i Noreg, på Haugalandet og i Sunnhordland. Frå bruk av ny teknologi i landbruket som minimerer bruk av sprøytemiddel, til 10-kronersbussen i Haugesund som har fått særs mange til å velje buss foran bil, -og til innføring av meir miljøvenlege drivstoffkjelder både på land og til sjøs. Læreplanen i skulen har blitt endra for å auke medvit og engasjement rundt klimaendringane og engasjementet viser igjen i kulturlivet og i ein auka etterspurnad av «grøne» produkt og tenester. Dette er viktige brikker i det grøne skiftet.
Så igjen, tusen takk for at de deltok! Utan dykk hadde det ikkje blitt nokon julekalender!
Om de som les bloggen gjekk glipp av nokre luker, kan de klikke dykk inn og lese svara til dei enkelte her:
- Erika Fatland -forfattar
- Olav Linga – adm. dir. i Haugaland kraft
- Anne Marthe Widvey – livsstilsbloggar
- Einar Tho -ansvarleg redaktør i Haugesunds avis
- Ellen Hatteland -deltakar i Symesterskapet 2017
- Torbjørn Grønstad -gardbrukar og leiar av Etne bondelag
- Serina Pedersen Vorland – psykolog
- Odd Fossan-Waage – dagleg leiar i Haugesund sentrum AS
- Margit Vea – kokebokforfattar, samfunnsdebattant og programleiar
- Alf Warloe Christophersen – leiar for Skånevik bluesfestival
- Monica Flagtvedt – gründer bak den grøne livsstilsbutikken Agent M
- Jon Ådnøy – sokneprest i Vats, Skjold og Vikebygd
- Lauren McPherson Simonsen – dagleg leiar i Haugesund turistforening
- Jan Terje Rafdal – kunstnar
- Ragnhild Aspen Alvsaker – rektor ved Vardafjell vidaregåande skule
- Terje Halleland – stortingsrepresentant for Rogaland Frp og medlem av Olje- og energikomitèen
- Linn Frøkedal – musikar og artist
- Rune Furseth – adm. dir. i Suldal transport
- Gro Staveland – adm.dir. i Haugaland interkommunale miljøverk (HIM)
- Elias Nornes – HMS-sjef i Østensjø Rederi
- Kari Kalstveit – byggingeniør og avdelingsleiar i Omega Areal
- Perla Kamilla Eyvarsdottir – fylkesleiar i Rogaland Natur og ungdom
- Heidi Kjønnø – gründer av frisørsalongen PUR Grønn
- Arne-Christian Mohn – ordførar i Haugesund kommune
Til lesarane av bloggen; eg har fått så mange flotte tilbakemeldingar både på Facebook, Instagram, på sms men også direkte frå folk som tykkjer det har vore veldig interessant å lese. Folk har gledd seg til å «opne» lukene i kalenderen («endeleg ein julekalender for vaksne!»). Svara til deltakarane har resultert i ny kunnskap («eg har slutte heilt å skylle linsene mine ut i sluket i vasken») og livlige diskusjonar fleire stader eg har vore. Det er så gøy!! Når ein i tillegg er innom topplista til Blogglisten og berre har tjue færre lesarar enn Jenny Skavland ein dag, -då er det ekstra moro!
Å bruke lokale deltakarar som representerer kjende bedrifter eller som er kjendisar på anna vis, har også ført til at fleire har fått augene opp for alt som rører på seg rett utanføre ytterdøra vår her i regionen. Det er mykje spanande som skjer på Haugalandet og i Sunnhordland. Det er sikkert og visst!
Til dykk som har klikka dykk inn her for å lese ei eller fleire luker i slengen, som har delt og kommentert; tusen takk til dykk! Det viser meg at klima og miljø er noko som engasjerer oss alle, og det er stas!
Klem frå Inga