Kladdkake med raudbete

dsc_0965

Me har hatt sjukedag i heimen, og då ender me ofte med å bake litt. I dag vart det ei svensk kladdkake basert på denne oppskrifta, men tilpassa vårt eige kjøkenskap. Med raudbete i røra, kunne me også bruke litt av innhaldet i grønsaksskuffa.

Raudbete er utruleg godt saman med sjokolade, og gjer kaka enda meir saftig. Pasienten meinte kaka heitte «medisinkake», så då håpar me den gjer susen på formen også!

dsc_0976

Oppskrift på kladdkake

  • 1 liten raudbete (ca. 100 g)
  • 100 g smør
  • 2 dl sukker
  • 2 egg
  • 4 ss kakao
  • 1 dl kveitemjøl
  • 1 knip salt

Sett ovnen på 175 grader.

Skrell raudbeten og kok den til den er mør. Avkjøl den før du riv den på eit rivjern.

Smelt smøret i ein stor kjele. Sett kjelen til side.

Bland sukker og egg i kjelen saman med smøret. Tilsett reven raudbete og bland godt. Tilsett resten av ingrediensene.

Smør ei kakeform (rund: 21 cm i diameter) med litt smør og dryss litt kveitemjøl over smøret. Då blir kaka lettare å få ut etterpå. Hell røra i kakeforma og steik på 175 grader i 30 minutt.

Dryss over litt melis før servering.

dsc_0961

Etter kakebaking la me oss i kjøkensofaen og las i bøkene me fekk til jul. Mummitrollet er blitt ein ny favoritt, og det er eit kjærkoment avbrekk frå Brannmann Sam!

Slike sjukedagar passar aldri, men når dei er her, er det godt å tilbringe dei i kjøkensofaen med pasienten i armkroken. No skal eg ete restene av kladdkaka og sjå på Anno. Ha ein flott kveld!

Quinoabetar med eple og sjokolade

DSC_0039 5Barseltid har ikkje vore gullperioden innan matlaging. Hadde det stått på meg, kunne me meir enn gjerne hatt brødskiver med makrell i tomat til middag kvar dag den første månaden (eg driv periodevis tungt (mis)bruk av makrell i tomat). Heldigvis kjem ein inn i ein viss tralt igjen etterkvart og eg har no byrja å lengte etter matlaginga att. Godt er jammen meg det.

Då er det fint at det er så mange inspirerande sjeler der ute. -Som Trine, som skriv Oliven&Sjokolade! Ho møtte eg under opninga av D/S Louise i juni. Ho er ei skikkeleg bra dame som skriv ein kjempefin blogg! Eg anbefalar på det sterkaste å ta turen innom.

Denne gongen var det quinoa-betane hennar som freista. Etter ein tur utandørs i iskaldt regn og sludd, freista det med noko søtt og varmande då eg kom inn igjen. Quinoa brukar eg gjerne til middagar, så dette kan vere ei fin resteoppskrift om ein har litt til overs ein dag.

DSC_0050 3Eg tilpassa oppskrifta eige kjøkenskap og måtte erstatte litt av havregryna (hadde berre pittelitt igjen) med mandelmjøl og lønnesirup med agavesirup. Istadenfor lakrispulver, tilsette eg 50 g grovhakka, mørk sjokolade. Lakris er forsåvidt ein god nr.2, så det må definitivt prøvast ut ein gong det også.

Då eg mangla muffinsformer i papir, klipte eg opp små kvadrat av bakepapir som eg hadde i formene. Eg hadde også litt meir røre i muffinsformene for å lage større betar.

Det smakte ganske enkelt himmelsk! Eplet gjorde betane litt friske, medan mandelmjølet gav ein liten smak av marsipan. I tillegg er dei fiberrike då dei inneheld mykje quinoa. Det er rett og slett eit nyttig mellommåltid og eg elska det.

Det kan vere verdt å merke seg at betane ikkje har same konsistens som muffins. Dei er langt meir porøse og er difor best å ete med skei. Saman med eit glas iskald mjølk og litt avislesing, vart det ein real søndagshøgdare.

/Inga

Om bortgløymde bananer

DSC_0373Hjelpes. Her går det ikkje unna med blogginga. I staden tok kvardagen meg. Og veit du, -den kvardagen er jommen meg feiande fin! Ferie er fint men kvardag toppar alt. Eg er frykteleg glad i rutinane, jobb og skilje mellom vekedag og helg.

Men. Kvardagen fører også til at enkelte ting blir nedprioritert og rett og slett hamnar i gløymeboka. Eg har eit bananproblem som fram til no gjekk i revy kvar veke. Sjølve bananproblemet. Eg kjøper støtt inn ein klase bananer då banan er nydeleg i smoothies, på havregrauten og på skiva. I tillegg er det ein super kalsiumkjelde.

Likevel har eg ein tendens til å gløyme dei ut. Dagane går og brått har bananflogene utagerande fest på kjøkenbenken og banane er eit trist syn. Etter litt forsking har eg lært å ta knekken på bananflogene, – men kva i all verda skal ein gjere med dei brune bananene? Å kaste mat er alltid kjipt.

Heldigvis er bananene som oftast ikkje brune inni sjølv om skalet har skifta farge. Smaken er snarare meir konsentrert. Eg har difor byrja å fryse dei ned om eg ser dei ikkje vert konsumert før dei vert brune. Skrell av skalet, skjer dei i skiver og frys ned i posar. Eit lurt tips er å først fryse betane spreidd over eit brett, før du samlar dei saman i posar. Då unngår du at betane frys til ein klump.

Slik kan ein ta dei opp og framleis nytte i smoothie, -for ikkje å gløyme i bakverk! Då banana er såpass søt, treng ein ikkje sukker når ein brukar den i muffins og kaker. Banan saman med sjokolade er jo eit kapittel for seg sjølv (me snakkar avhengighetsskapande), så kanskje kan denne banankaka vere ein idé om du også har ein trist bananklase liggande.

DSC_0443 kopi

Om du ikkje rekk å ete den opp i løpet av dei neste dagane, kan ein skjere den i skiver og fryse ned. Då kan ein enkelt ta opp ei skive og tine i brødristaren om ein har lyst på noko lunt og godt til ettermiddagskaffien. Ja. Akkurat det. Ettermiddagskaffien. Eit fantastisk konsept som me yngre generasjonar ikkje må nedvurdere. Kven seier eigentleg neitakk til fastlagd fika etter middag kvar dag!? Besteforeldra og foreldra våre var definitivt inne på noko. Dei luringane.

Banankake

  • 4 egg
  • 1/4 kopp olivenolje
  • 1/4 kopp smelta smør
  • 1 kopp sikta kveitemjøl
  • 1 kopp fint sammalt kveitemjøl
  • 2 ts vaniljesukker/vaniljepulver
  • 2 ts bakepulver
  • 1 dl lettmjølk
  • 3-4 modne bananer
  • 1 kopp grovhakka valnøtter
  • 1/2 – 1 plate grovhakka sjokolade (helst med 70% kakao)
  • 1 ts kanel
  • 1 ts kardemomme

Sett steikeomnen på 175 grader.

Bland dei tørre ingrediensene.

Pisk eggedosis av egga før du blander inn mjølk, smør og olivenolje. Bland saman med det tørre. Skrell og finhakk bananene. Vend dei inn i røra saman med sjokoladen og valnøttene. Hell røra i ei smurt brødform.

Steik på 175 grader i 35-45 minutt.

Korleis ta knekken på bananflogene? Bland ein del vatn og ein del eplecidereddik saman med nokre dråpar Zalo. La blandinga stå i eit glas på kjøkenbenken natta over. Simsalabim så er bananflogefesten over!

/Inga

Somarkaka

DSC_0172

Somaren er på hell, og eg er tilbake på Austlandet. No ventar eit bryllaup til helga og syttiårsdag helga etter, -SÅ er me klare for å ta fatt på den verkelege kvardagen igjen!

Det er noko med det å få tid til å berre pusle i heimen litt i somarferien også. Nokre maleprosjekt og ryddeprosjekt er allereie i gong. Det vart mykje me måtte utsetje grunna ein hektisk vår på jobb og studier. Med nok kaffi/te, oppbretta ermer og litt sjokolade håpar eg på å få unnagjort mange av punkta på lista, -og eg må sei er gler meg! Det er ingenting som er så fint som å få litt orden i sysakene og starte hausten med nokonlunde blanke ark!

I mellomtida legg eg ut denne kakeoppskrifta som eg må lage minst ein gong kvar somar. Den er frisk, himmelsk god og smakar skikkeleg av somar. I tillegg kombinerer den noko av det beste eg veit, nemleg smaken av sjokolade, frukt og bær!

Denne kaka inneheld både cottage cheese og havregryn. Slik sett er den også litt matnyttig. Kremt. Om ein vil, kan ein gjere somarkaka sukkerfri ved å velje sukkerfri gelé og youghurt. Eg brukte vanleg jordbærgelé men Yoplait sin bringebær- og jordbæryoughurt utan sukker. Det er lurt å bruke same smakane i gelé og youghurt.

Ingredienser

  • 100 g mørk sjokolade (gjerne med 70% kakaoinnhald!)
  • 5 dl havregryn
  • 1 pk gelé
  • 500 g youghurt (1 stor boks eller 4 små)
  • 1 boks cottage cheese

Smelt sjokoladen i vassbad. Rist havregryna i ei tørr panne. Bland saman havregryn og sjokolade. Trykk ned i kakeforma slik at du har ein jamn botn. Sett i kjøleskapet til kjøling slik at botn hardnar.

Kok opp pakken med gelé med halvparten av vatnet som er angitt på pakken. Medan det står til kjøling moser du youghurt og cottage cheese med stavmiksar. Dette for å finmale cottage cheesen. Bland det godt saman. Hell i den avkjølte geléen (behøver ikkje vere kald) medan du blandar godt. Hell blandinga over sjokoladebotn og sett kakeforma på eit fat i kjøleskapet. Då unngår du søl om den ikkje er heilt tett. La kaka kjølne i kjøleskapet i 2-3 timar til den er stivna.

Pynt med bær eller blomar, -så er den somarleg og fin!

DSC_0174   DSC_0176

DSC_0187  DSC_0190

Kort og godt, -ei somarkake som er lettvint å lage og som ein blir rett og slett glad av å ete!

/Inga

Mathallen

20121129-062920.jpg

I går var eg i Mathallen i anledning kaffikakefinalen. Det var ufatteleg kjekt! Ikkje berre var det mange flotte kaker, der var mange flotte matbloggarar der og. Det var veldig morosamt å preike mat og fotografering ein heil kveld.

Flotte Liv frå Superwoman stakk av med sigeren med sjokolademoussekaka si. Den såg heilt himmelsk ut, så den må nok prøvast snarast mogleg. Konkurransen var sponsa av Nescafé, og samtlege finaledeltakarar mottok ein kapselmaskin i premie.

20121129-062932.jpgIna frå Mat på bordet er ein av driftarane av Matbloggsentralen. Eg har lese bloggen hennar i fleire år, så det var veldig hyggeleg å møte henne. Kjekk og proff, -akkurat som på bloggen. 🙂

20121129-062939.jpgDet var andre gongen eg var i mathallen, og den er kort og godt feiande fin. Eg anbefaler alle å ta turen innom om de ikkje har vore der enda. Mykje godt i både vått og tørt og flinke, kunnskapsrike folk.

/Inga