Sjokolademilkshake for gravide og andre trengande

DSC_0769

Det har vore få spanande cravings å skrive heim om denne graviditeten også. Eg har ikkje kjent noko sug etter verken murpuss, eksos eller kokosbollar. Heilt til no.

Eg er blitt ekstremt oppteken av sjokolademilkshake dei siste vekene. Eg har lyst på det kvar.dag. Det geniale med graviditet er at ein då kan forklare det med at «då er det nok eit signal frå kroppen om at den treng det». Eg er ihvertfall ein ivrig tilhengar av den teorien og slik vert det fort smågodt-tysdagar og sushi-torsdagar. Kroppen befaler!

Men. Ein kan kanskje ikkje meske seg med milkshake kvar dag. Eg har difor laga ein litt meir nyttig versjon dei siste vekene som har blitt ein schläger både hjå meg og minstemann. Den vert nytta som dessert, mellommåltid eller blodsukkerredning når ein kjem frå barnehagen og det er lenge til middag. Den inneheld ikkje sukker eller iskrem, men smakar likevel overraskande usunt og herleg kremete.

«Godt!!!» utbraut O entusiastisk fleire gonger i dag då han fekk det etter barnehagen, -og tru meg, det er eit betre smaksbevis enn fem stjerner frå Robinson og Fredag.

DSC_0768

Ein litt meir nyttig sjokolademilkshake
(2 store glas)

  • 3 dl H-mjølk
  • 1 banan (gjerne økologisk)
  • 1-2 ss kakaopulver
  • 1/2 ts ekte vaniljepulver
  • 4-5 isbetar

Køyr alt i blender til du har ein krema og fin konsistens. Server i glas og gjerne med eit fint sugerøyr!

(Om du har i ein espresso vert det ein genial iskaffi som like gjerne kan drikkast på morgonkvisten som etter middag.)

Kos deg!

/Inga

I sesong / Juni

IMG_4533

NYT Norge-merkinga gir ein fin pikepinn på kva som er i sesong når. Likevel kan det vere fint å minne seg om kva som er i sesong før ein går i butikken, -så vert det lettare å ete sesongbasert kvar månad.

Akkurat no nyt eg rabarbraen til det fulle og på måndag kom eg endeleg over norske asparges i butikken. Å ete etter sesong er rett og slett stas og gjer at ein gler seg litt ekstra over månad etter månad. Neste månad brakar det til dømes laus med den norske bærsesongen, -og det er ikkje feil!

Juhu!! -Og til same pris som dei som kjem heilt frå Peru!
Juhu!! -Og til same pris som dei som kjem heilt frå Peru!

Denne månaden er fylgjande i sesong:

Grønsaker:

  • Asparges
  • Bladpersille
  • Blomkål
  • Brokkoli
  • Dill
  • Graslauk
  • Gulrot
  • Hjartesalat
  • Hodekål
  • Isbergsalat
  • Kinakål
  • Lauk
  • Persille
  • Potet
  • Reddik
  • Ruccola
  • Raudbete
  • Somarkål
  • Spisskål
  • Sukkererter
  • Vårlauk
  • Squash
  • Spinat
  • Rabarbra

Frukt:

Bær:

  • Jordbær
Rabrbraen er god fram til St.Hans, så no bør du ete det du kan!
Rabrbraen er god fram til St.Hans, så no bør du nyte den så ofte du kan!

(Orange skrift betyr at det er lagringsvarer.)

/Inga

Når er frukt og grønt i sesong?

cropped-20130709-120807.jpg

Å handle kortreist mat og ete etter sesong er eit fint miljøtiltak (eg har skreve litt om dette tidlegare her). Varene reiser kortare avstandar, norsk frukt og grønt som er i sesong er ofte rimelegare enn utanlandske alternativ, samstundes som at råvarene er på sitt beste, -både på smak og næringsinnhald.  Å ete etter sesong er kort og godt billeg og bra!

Likevel kan det for ein nordmann i 2015 vere utfordrande å vete kva som er i sesong når. Butikkane sel ferske jordbær på julafta og plommer i mai. Me er litt sesongforvirra og er vande med at alt er tilgjengeleg heile året.

Eg prøver å gå etter NYT Norge-merket når eg handlar, men eg saknar ofte eit større utval hjå dei største kjedene. Ideellt sett kan ein be butikkane bestille inn det du saknar, då dei ofte er på tilbudssida. Viss ein ikkje veit kva som er i sesong og tilgjengeleg når, kjem ein likevel til kort.

Difor vart eg så glad då eg fann mange fine sesongkalenderar på nett.

sesongkalender_bilde

Sesongkalenderen de ser over er utarbeida av Fylkesmannen i Vestfold, Hordaland og Sogn- og fjordane. Den gir ein fin oversikt over kva som er i sesong når. Grøn prikk viser kva som er nyplukka og i sesong, medan oransje prikk viser kva som er i sesong grunna lagring. Denne er så fin at eg jaggu skal printe den ut og henge på kjøleskapet!

Viss du ynskjer ein sesongkalender med utelukka norskproduserte økologiske varer, er denne kalenderen, laga av Bioforsk, veldig fin.

Bloggaren Kjernesunn nordkvinne har laga nokre fine tabeller med oversikt over frukt, grønsaker og bær som de finn her og som de ser nedanføre. Ho har også tatt med grønsaker, frukt og bær som ikkje vert produsert i Noreg, og dei er merka med ei stjerne. Der ser ein til dømes når appelsinene er på sitt beste!

Sesongkalender frukt og bær

Sesongkalender grønnsaker

Til slutt må eg tipse om Smak av kysten, -ein nettstad utvikla av Norsk sjømatsenter. Her finn ein ein fin oversikt over kva fisk som er anbefalt for kvar månad. Til dømes er torsken på sitt beste frå septemer til april (alle månadar med «r» i), medan makrellen er i sesong mellom mai og august. Fint å vete!

No skal oversikten opp på kjøleskapet og så skal det fråtsas i sesongvarer. No i mai skal eg ut på jakt etter norske asparges og etter det er det rabarbrasesong! Hurra!

/Er de flinke til å handle etter sesong og er det nokre varer de gler dykk ekstra mykje til? Eg blir kjempeglad for tips!

Ha ein fin kveld!

/Inga

Quinoabetar med eple og sjokolade

DSC_0039 5Barseltid har ikkje vore gullperioden innan matlaging. Hadde det stått på meg, kunne me meir enn gjerne hatt brødskiver med makrell i tomat til middag kvar dag den første månaden (eg driv periodevis tungt (mis)bruk av makrell i tomat). Heldigvis kjem ein inn i ein viss tralt igjen etterkvart og eg har no byrja å lengte etter matlaginga att. Godt er jammen meg det.

Då er det fint at det er så mange inspirerande sjeler der ute. -Som Trine, som skriv Oliven&Sjokolade! Ho møtte eg under opninga av D/S Louise i juni. Ho er ei skikkeleg bra dame som skriv ein kjempefin blogg! Eg anbefalar på det sterkaste å ta turen innom.

Denne gongen var det quinoa-betane hennar som freista. Etter ein tur utandørs i iskaldt regn og sludd, freista det med noko søtt og varmande då eg kom inn igjen. Quinoa brukar eg gjerne til middagar, så dette kan vere ei fin resteoppskrift om ein har litt til overs ein dag.

DSC_0050 3Eg tilpassa oppskrifta eige kjøkenskap og måtte erstatte litt av havregryna (hadde berre pittelitt igjen) med mandelmjøl og lønnesirup med agavesirup. Istadenfor lakrispulver, tilsette eg 50 g grovhakka, mørk sjokolade. Lakris er forsåvidt ein god nr.2, så det må definitivt prøvast ut ein gong det også.

Då eg mangla muffinsformer i papir, klipte eg opp små kvadrat av bakepapir som eg hadde i formene. Eg hadde også litt meir røre i muffinsformene for å lage større betar.

Det smakte ganske enkelt himmelsk! Eplet gjorde betane litt friske, medan mandelmjølet gav ein liten smak av marsipan. I tillegg er dei fiberrike då dei inneheld mykje quinoa. Det er rett og slett eit nyttig mellommåltid og eg elska det.

Det kan vere verdt å merke seg at betane ikkje har same konsistens som muffins. Dei er langt meir porøse og er difor best å ete med skei. Saman med eit glas iskald mjølk og litt avislesing, vart det ein real søndagshøgdare.

/Inga

Kortreist mat, miljøvenleg eller ei?

Grønsakhandelen forrige veke. Dyrka og avla fram i same kommunen eller nabokommunane. Det er verdt å støtte opp om!
Grønsakhandelen forrige veke. Dyrka og avla fram i same kommunen eller nabokommunane. Det er verdt å støtte opp om!

Kalenderen viser august og me er midt i høgsesongen for norsk frukt og grønt. Det er grunn til å frotse, -og gjerne i kortreiste varer!

Å kjøpe kortreist er ein fin måte å støtte opp om norsk matproduksjon og lokale produsentar. Me treng ein levedyktig matproduksjon i Noreg også og deler av ansvaret ligg på oss som forbrukarar.

Om kortreist mat er meir miljøvenleg er særs omdiskutert. Matproduksjon i varmare strøk er meir miljøvenleg enn matproduksjon i oppvarma drivhus kor ein gjødslar med kunstgjødsel viser ein rapport i frå Teknologirådet. Transport via store lastefartøy som skip, gir også eit mindre klimaavtrykk per vare, enn om me tek bilen til og frå butikken.

Samstundes er matproduksjon frå småskalaprodusentar tryggare med omsyn til spreiing av sjukdom. Om ein i tillegg er vegetarianar ein dag i veka, har amerikanske forskarar funne ut at du då nullar ut klimautsleppa frå all transport som maten din har ført til. Om ein tek kollektiv transport, sykkel eller tek vekeshandel med bil ein gong i veka, -har ein minka klimautsleppa sine betrakteleg.

Kort oppsummert er kjøp av kortreist mat positivt..

  • .. for norsk landbruk, norsk matproduksjon og lokalsamfunna.
  • .. då det gir høgare mattryggleik.
  • .. dersom du er klimalur og vel kollektivt eller sykkel til butikken.
  • .. om du begrensar biltransport grunna mathandel til ein dag i veka.
  • .. om du køyrer ein veggis-dag i veka.
  • .. særleg no i høgsesongen, då frukt og grønt vert dyrka i friluft og/eller utan oppvarming.

Me lagar middagsmeny, planlegg vekeshandelen og handlar inn mat ein dag i veka med bil. I tillegg handlar me no i somarhalvåret på Grøntbua på Gilhus Gård. Det ligg i nabolaget og er ein fantastisk utsalsstad. Her finn ein supre grønsaker, bær og egg. Prismessig betalar ein ikkje meir enn om ein skulle kjøpt varene i butikk.

Det vert fleire og fleire butikkar og andre utsalsstader som framjer kortreiste produkt rundt i landet. Ein finn mykje fin informasjon på nett. Mest sannsynleg kjenner du til mange utsalsstadar allereie. Matvarene i butikkane er også godt merka om dei er frå Noreg eller andre land. Det er slik sett lett å velje norsk. Bondens marked er forøvrig eit supert fora for å bli kjend med småskalaprodusentar rundt om i Noreg. Her finn du oversikten over når og kor du finn neste Bondens marked i nærleiken av deg.

Kva meiner de om kortreist? Om de handlar kortreiste produkt; kva kjem i handlekorga?

/Inga