Everything you see I owe to pasta

Brødbakemaskin, iskremmaskin, raclette-sett. Det er fleire saker som står og støver ned i boden vår, som eigentleg høyrer til på kjøkenet. Dei representerer store revolusjonerande kjøkenplaner og draumar som brast, då ein oppdaga at raclette eigentleg ikkje var så godt, at brødet vart best om ein elta det minst mogleg og at iskremmaskinen snarare laga milkshake enn is.

Pastamaskina er også ein duppeditt me ikkje ser så ofte, men den har likevel ikkje blitt sett ut i boden enda. Kvifor? Ikkje fordi me har ståltru på Sophia Loren sitt skjønnheitstips, men fordi dei gongene me tek den i bruk, lever matdraumane vidare. Å ete sjølvlaga pasta, er som å ta ein mental ferie til Italia. Det høyres bombastisk ut, men det er heilt sant. Eg lovar deg.

Heimelaga pasta vert overraskande vellukka dei gongene me lagar det. Hemmeligheten er få ingredienser og ein pastamaskin som kjevler pastaen tynn nok, så du slepp å kjevle sjølv.

Pastadeig

  • 600 g kveitemjøl*
  • 6 egg (eller 12 eggeplommer om du vill ha ein gulare farge og rikare smak)

Bland alt saman. Pakk pastaen inn i plast, og la den kvile ein time i kjøleskapet.

Kjevle pastaen ut i ei pastamaskin. Bruk litt mjøl, slik at den ikkje klistrer seg fast. Ta eit lite emne om gongen, og kjevle det ut til det er tynt og fint. Så kan du male det ut til anten tagliatelle eller spaghetti. Evt. kan du lage små tortellini-pakkar med ulikt fyll.

Kok opp rikeleg vatn med 1 krm salt. Fersk pasta treng ikkje lang tid i kjelen, så etter eit par minutt er den al dente. Server med ein god saus, eller berre aleine med litt reven parmesan og nykverna pepar.

Om du ikkje ynskjer å servere pastaen med ein gong, kan du fint henge den til tørk. Når den er tørka, held den seg lenge.

*Du kan gjerne bruke sikta kveitemjøl, men på velassorterte butikkar som Meny, Mega og Coop Obs! får du også meir finmalt kveitemjøl, som er særskilt meint til pastalaging.

Denne pastaen blir det som oftast ingen restar igjen av, og det er fort gjort å ete seg meir enn stappmett. Det beste er om ein har tid til ein strekk på sofaen etter middag.

Pastamaskin har dei i dei fleste kjøkenbutikkar, og eg ser det er mange til sals her på Finn.no. Det blir kanskje skapfyll i kvardagen, men det er veldig kjekt å ha dei gongene du helst skulle hatt ein ferie til Italia!

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Matlukke dei siste 24 timane

Det har vore lite skriverier den seinaste tida grunna mykje jobb, men i morgon ettermiddag er det vinterferie! Då vert det nok litt hyppigare oppdateringar om grøne, fine ting. I mellomtida deler eg litt matlukke frå dei 24 siste timane.

Eg er så heldig å få rikeleg med fersk torsk frå far min som er hobbyfiskar, så dei første månadane i året vert det meir fisk enn vanleg. Det er kjekt å variere den litt, -og i dag vart det ovnsbakt torsk med søtpotet-chips og aïoli til middag. Veldig enkelt og veldig godt!

Om søtpotetene ikkje forsvinn under middagen, er dei fin-fine å putte i brøddeigen!

I går prøvde eg ut bønner i kjeks. Eg har sett fleire bakeoppskrifter med bønner den seinaste tida, og no måtte eg prøve. Kjeksa fekk litt uvant konsistens, då dei vart mjuke og ikkje sprø som vanlege kjeks. Likevel skal det mykje til for at eg ikkje skal like bakst, -særskilt når det er sjokolade involvert, så desse kjeksa fekk høg poengsum.

Eg tok utgangspunkt i denne oppskrifta her, og tilpassa den til innhaldet i skuffer og skap.

2/3 av baksten er allereie borte vekk …og det før andre i familien har smakt!

Kjeksa er veldig mettande og heilt geniale saman med ein kaffikopp.

Ha ein fin kveld!

Fotoapparatet vårt må ein tur til doktoren etter å ha blitt slengt i bakken av eittåringen. Mobilen gjer jobben som stand-in inntil vidare. 

Man-tager-hva-man-haver-vegetarburger

DSC_1339-001    DSC_1334

På måndag var det ekko i kjøleskap og skuffer etter helga. Då eg ikkje kom meg på butikken før middag, vart det man-tager-hva-man-haver-middag. Resultatet vart ein super vegetarmiddag!

Linser/kikerter, nokre egg, nokre potetrestar, ein lauk og litt krydder er alt som skal til for å trylle fram gode vegetarburgarar. Dette er super restemat då ein kan bruke kokte poteter, grønsaker og rester av  stapper i deigen. Linser, bønner og kikerter er enormt sunt og godt, og det er noko eg alltid må ha i kjøkenskuffa. Dei kan nyttast til det meste, -og gjerne som substitutt for kjøt.

Servert saman med litt godt brød, ein god salat og gjerne litt aïoli, er du i mål på ein kjøtfri måndag. Her hadde me favoritten broccolislaw, aïoli og litt raud pesto til burgarane. Grepa godt!

10 vegetarburgarar

  • 1 boks ferdigkokte kikerter
  • 1 boks ferdigkokte raude linser
  • 1 lauk
  • 2 egg
  • 2-3 kokte poteter / 1 pose potetstappepulver*
  • 1 ts timian
  • 1 ts paprikapulver
  • salt og pepar

*eg nytta ein pose potetstappepulver eg fann i kjøkenskapet, då eg ikkje hadde kokte poteter. Dersom du nyttar pulver, bør du tilsette 0,5 dl vatn, då deigen treng litt ekstra væske.

Finhakk lauken og bland alle ingrediensene med ein stavmiksar eller i ein kjøkenmaskin. Form 10 boller som du trykker flate med handa. Steik i ei steikepanne på middels-over middels varme, og bruk godt med olje. Steik burgarane gyldebrune på begge sider (ca. 3-4 min. per side). Dei blir sprø og fine i overflaten og rykande varme inni.

God appetitt!

/Inga

P.S. Vegetarburgarar kan du variere opp og ned i mente. Kva med litt tomatpurè i deigen, eller kanskje litt tacokrydder? Kva med ein indisk vri med garam masala, raita og nanbrød? Nam!

To gode grunnar til å kjøpe gresskar denne veka

DSC_1247

På laurdag måtte me stoppe på Coop på Knapphus då me hadde ei smokk-krise i bilen. Smokkar er som sokkar, -dei forsvinn av seg sjølve og kvar gong er det eit stort mysterium. Eg skjønar det ikkje. Uansett, då eg sprang inn på Coop haldt eg på å snuble i ei kasse med økologiske Hokkaido-gresskar. Dei var så fine og haustlege at eg raska med meg to på veg til kassa.

Med Halloween rett rundt hjørnet og haust utanføre kjøkenglaset, kan ein slå to floger i ein smekk. Utskjæring av Halloween-gresskar som me kan sette ut til helga, og mykje godt å lage suppe av! Fleire grunnar treng ein ikkje.

Gresskarsuppe er fantastisk godt, og i dag fekk dette bli den kjøtfrie mandagsmiddagen. Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Lise Finckenhagen, men tilpassa den litt etter innhaldet i kjøleskapet.

DSC_1255

Ingredienser

  • Maten frå eit mellomstort gresskar (ca. 800 g gresskarkjøt)
  • 2 store gulrøter
  • 1 lauk
  • 3 kvitlauksfedd
  • 1 chili
  • 1 ss finhakka fersk ingefær
  • 1 l grønsaksbuljong
  • 1 boks kokosmjølk
  • limesaft
  • salt og pepar

Skjær gresskarkjøtet og gulrøtene i terningar. Finhakk lauk, kvitlauk, chili og ingefær.

Varm ein kjele med ein god slump rapsolje og surr lauken nokre minutt til den blir mjuk og lettare gjennomsiktig. Tilsett kvitlauk, chili og ingefær og la det surre i nokre minutt til.

Tilsett gresskarkjøt og gulrøter og la det surre med det andre i nokre minutt, før du tilset grønsaksbuljongen. Kok opp og la det småkoke i 30 minutt, til grønsakene er møre.

Mos suppa med stavmiksar til den er jamn og fin. Tilsett kokosmjølka og la det koke opp igjen, før du set kjelen til sides. Smak til med limesaft, salt og pepar før du serverer.

Server gjerne med nokre gode krutongar, ein rømmeklatt og litt koriander på toppen.

DSC_1261

Nyt smaken av haust!

/Inga

Torsk, jordskokk og spekepølse frå Etne

DSC_0110
Resultatet etter skattejakt i kjøleskap og frys. Persillebuketten låg nederst i skuffa men vart gløymt med ein gong den var tatt fram, og kom ikkje lenger enn til skjærefjøla.

Rett før me sette oss i bilen i Etne for å køyre heim etter ferien, grov mannen opp jordskokk i åkeren. Der har den vore og kost seg over vinteren. Jordskokk er noko av det beste eg veit. Skjær det i bitar og bak i omnen med andre rotgrønsaker eller bruk det i stappe saman med til dømes potet. Jordskokken set ein heilt fantastisk, nøtteaktig smak på maten! Har du ikkje smakt det før, bør du legge det i handlekorga neste gong du kjem over ein knoll på butikken.

Litt av rota skal plantast her i hagen i Haugesund (uuups! Stryk det. Moderen ringte og sa at det var lite lurt i eit tett bustadområde då den veks som ugras. Det er altså betre å plante den i ein avskjerma hage om du ikkje vil spre jordskokk over heile nabolaget), men resten skal fortærast til middag. Første knollane hamna i gryta allereie på tysdag då det var skrint i kjøleskapet etter ei veke borte. Med pappa sin torskefilet frå frysen, jordskokk blanda med potet i ein purè, ein litt småtrist broccoli og siste stump av pestopølsa til den lokale spekeprodusenten Lundal, vart det reine festmiddagen. -Og definitivt den mest kortreiste så langt i 2015!

Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Trines matblogg som eg har brukt gjentatte gonger. Ofte med litt ulike ingredienser, men målet er alltid den same smakskombinasjonen: salt kjøt, mild torsk, og smøraktig stappe av noko slag. Om ein i tillegg har noko søtt, er det toppen av kransekaka. Eg har prøvd ut varianten med granateple, men om ein ikkje har det, kan ein nytte fantasien. -Som til dømes betar av eple, pære eller kanskje til og med jordbær! Denne gongen hadde eg ingen av delene, men toppa heller med litt chiliolivenolje.

Kortreist og godt som berre det!

/Inga

DSC_0134