Spar straum med Tibber

-Sponsa samarbeid-

Eit tiltak me kan gjere for å redusere våre eigne utslepp av CO2, er nettopp å begrense energien me nyttar. Det er lettare sagt enn gjort, då me i dag får fleire og fleire duppedittar i hus som går på straum! Likevel kan ein gjere fleire grep slik at ein ikkje bruker meir enn ein treng, -og slik sparar både miljø og lommebok.

Me skal teste tenesta Tibber framover. Det er kort og godt ein app som erstatter det vanlege straumselskapet ditt. I staden for å levere straum frå ein bestemte leverandør, handler Tibber straum frå dei som kan tilby den lågaste prisen til ei kvar tid, -og som leverer fornybar energi! Jepp, du las rett. Når du kjøper straum via Tibber, er du med på å støtte kraftleverandørane som tilbyr vasskraft, vindkraft eller solkraft.

Vidare får du ein langt meir detaljert oversikt over når og ikkje minst korleis du nyttar straumen din. I appen kan du til ei kvar tid fylgje med på kva du bruker mest straum på og kva dagar du har brukt mest. Det gjer det enklare og ikkje minst motiverande å ta grep for å redusere eige energiforbruk.

 

Etter å ha byrja med Tibber, har me gjort nokre grep som har senka elforbruket vårt:

  • me skrur av lys i alle rom me ikkje er i.
  • me har skrudd ned gradene på varmekablane litt slik at dei framleis er lunka, men ikkje særs varme.
  • me bruker eco-programmet på vaskemaskina.
  • me nyttar berre tørketrommelen når me absolutt må.
  • me dreg ut kontaktar på stand-by apparat som lamper og andre saker som ikkje er dagleg i bruk.
  • me har varmepumpa på jamn varme gjennom døgnet, i staden for å «gasse» den på på morgonkvisten og etter jobb.
  • me passer på å sette bilen på lading, når me får push-varsel frå Tibber om låge straumprisar.

 

No jobbar me for å komme innanføre dei 20% mest effektive husa i appen!

Det er gratis å laste ned Tibber-appen og abonnementet kostar 39 kr i månaden i tillegg til straumprisen. I Tibber sin nettbutikk kan du kjøpe ulike «power-ups» som gir deg større oversikt over straumbruken og auker energieffektiviteten i heimen. Me har fått ein Sensibo sky-varmesensor, som me skal koble til varmepumpa slik at den fungerer meir effektivt. Korleis denne sensoren verkar, skal eg komme tilbake til i eit anna innlegg når me har testa den litt over tid. Dette blir gøy!

Ha ein fin fredagskveld!

-Sponsa samarbeid-

Forleng levetida til smarttelefonen

Ifylgje Engadget.com, finst det ikkje ein etisk smarttelefon i dag. Sjølv om produsentar som Fairphone prøver å lage miljøvenlege mobiltelefonar, er det nesten umogleg for ein produsent å garantere at kvar einaste del i telefonen er produsert på ein miljøvenleg og etisk måte. I tillegg, har konsumentane (me!) ein tendens til å byte ut fungerande telefonar på grunn av ein enkelt defekt del. Me kjøper også ofte nye mobilar, så snart nye og meir spanande modellar vert lansert. Energien og ressursane som vert brukt til produksjon og avfallet skrota mobiltelefonar fører med seg, er definitivt eit miljøproblem.

Kva kan me gjere? Ta betre vare på mobilane me allereie har! Då eg har eit langt rulleblad når det kjem til øydelagde mobilar (kvifor knuser skjermane så lett?), fekk eg ei nydeleg gåve til valentinesdagen. Eit iPhone-cover frå Lifeproof. Romantisk? Kanskje ikkje. Men med omsyn til alle pengane eg har brukt på dyre reperasjonar og all frustrasjonen det har ført med seg, var det ei særs omtenksom gåve likevel!

Lifeproof lovar ein telefon som er vasstett, støtsikker og som tåler søl, skit og snø(!). Coveret oppfyller til og med det amerikanske forsvaret sine standardar for sikker beskyttelse under ekstreme omstende. -Akkurat kva eg treng! Sjølv om eg ikkje akkurat lever eit liv på kanten, meiner tydelegvis dei tidlegare mobilane mine det. Eg har no prøvd iPhone-coveret i over ein månad, og mobilen er framleis så god som ny. Dette ser lovande ut, -og no kjem eg forhåpentlegvis til å spare miljøet for fleire øydelagde mobiltelefonar i framtida. Lifeproof kan anbefalast!


According to Engadget.com, there is no such thing as an ethical smartphone today. Despite brands like Fairphone trying to produce eco-friendly devices, it is almost impossible for a producer to guarantee that every single part in a phone is produced in an ethical and sustainable way. In addition, the consumers (we!) tend to replace perfectly well-functioning phones because of a single failing component. We also often buy new ones, just because new and more exciting models are released. The energy and resources used for production and the waste discarded phones create, is definitely an environmental issue.

What can we do? Take better care of the phones we already have! As I have a long record of damaged phones (why do the screens crack that easily?), I got the best gift for Valentines day. An iPhone-case from Lifeproof. Romantic? Maybe not. But considering the amount of money spent on expensive repairs and the massive frustration that often comes along, it was the most thoughtful gift after all!

Lifeproof promises a phone that is water proof, drop proof, dirt proof and snow proof. It even meets the U.S. Military Standard for drop and shock protection. -Just what I need! Even though I am not exactly living a life on the edge, my previous phones seem to think so. I have now tried the case for more than a month, and my iPhone is still as good as new. This looks promising, and I will hopefully spare the environment from more broken phones in the future. I recommend Lifeproof!


 

Har du prøvd det? – Have you tried it?

/Inga 

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Svanemerka ull

Pierre Robert er særs populær når det kjem til ullundertøy til born. No har dei blitt Svanemerka, -noko som betyr at både dyrevelferd, produksjonsmåte, materiala kleda er laga av og innpakkinga er innanføre Svanemerket sine strenge miljøkrav. Det er flott!

Då vinterferien vår måtte utsettast grunna sjukdom, har me minivinterferie i Etne denne helga. I dag vart det både alpint i Røldal for to i familien, aking for den minste og lang skitur til Oddavarden på Seljestad i godt lag for meg. I morgon ventar skitur på Olalia. Dette gjer godt for sjela!

Då den eldste har vekst ut av langrennsutstyret, lånte me både fullt alpintutstyr og langrennsutstyr hjå Skattkammeret i Haugesund. Det er eit utruleg flott tilbod som har blitt særs populært. I staden for at alle må kjøpe etterkvart som ungane veks, kan ein låne topp utstyr for ei veke. Slike tilbod er gull verdt og positivt for miljøet. Meir om Skattkammeret kjem i eit eige innlegg.

Ha ein fin kveld!

/Inga

Drikkeflasker i glas

OLYMPUS DIGITAL CAMERAEin treng som oftast ei drikkeflaske, anten ein sit på jobb, er på trening, skal på tur, eller berre skal ha ei ståande på kjøkenbenken heime for å minne om væskeinntaket. Det er også fint for miljøet, då ein slepp å kjøpe plastvassflasker i butikk. Då me også er så heldige å bu i eit land der det renn reint og velsmakande vatn frå springen, treng ein ikkje noko meir enn ei trofast flaske ein kan bruke igjen, og igjen og igjen. Det finst mange fine alternativ til plast på marknaden no, i glas, stål og bambus.

Eg var lenge skeptisk til drikkeflasker i glas. Knuste dei ikkje lett? Og var det ikkje litt skummelt om dei knuste, -men ein ikkje oppdaga det og fekk i seg glasbrot? Eg kjøpte likevel ei glasflaske for nokre veker sidan, -og den har blitt favorittflaska. Passe stor og med vernande silikonsokk rundt. For meg som er dårleg på å drikke vatn, er den ei god påminning og den har fått fast plass på kontorpulten. Det beste med glasflasker, er likevel at vatnet faktisk smakar vatn! Ofte når ein drikk frå plastflasker eller flasker i metall, vert vatnet smakssett av flaska, -men det slepp ein her.

Ei anna glasflaske me har, er den raude frå Hadeland glassverk. Den har eit tekstilcover rundt seg og er også veldig god og fin. Behandler ein dei litt forsiktig, held dei lenge. Til tur og meir robust bruk er det gjerne lurare å gå for ei stålflaske.

Den rosa flaska frå Bkr kjøpte eg på sal hjå Kicks, men eg veit ein kan få tak i dei fleire stader på nett også, -mellom anna hjå Agent M. Hadeland glassverk-flaska kjøpte eg i ein bokhandel på Gardermoen, men ein kan også få kjøpt den på nett her.

/Inga

LagreLagre

Er mikrofiber mest miljøvenleg?

Dei siste ti åra har eg berre vaska med mikrofiberklutar og vatn. Dette då det har blitt framstilt som det mest miljøvenlege alternativet. Det siste året har eg likevel blitt litt i tvil, etter at alle sakene om mikroplast har dukka opp i media. Mikroplast vert utskild mellom anna frå syntetiske klede og tekstil, noko som er eit miljøproblem. Etterkvart som tøyet vert vaska og slete, hamnar mikroplasten i vaskevatnet og til slutt ut i naturen.

Dei siste vekene har eg oppdaga fleire mikrofiberklutar som held på å gå i oppløysing. Det er ikkje så hyggeleg med tanke på kor mikroplasten forsvinn. Eg sendte difor ein mail til Framtiden i våre hender, for å spørje om mikrofiber framleis vart rekna som miljøvenleg.

Her er svaret eg fekk:

Vi mener fortsatt at mikrofiberkluter er et godt miljøvalg. Utslipp av mikroplast fra syntetiske fibre er absolutt et miljøproblem, men fibre fra kluter utgjør en forsvinnende liten andel av de totale mikroplastutslippene, og vi mener miljøgevinsten overgår miljøulempene.

Likevel er det viktig å stoppe de utslippskildene vi kan stoppe. Det fins hjelpemidler: Kid Interiør selger nå en egen vaskepose som er spesielt beregnet på å fange opp plastpartikler ved klesvask, før plasten havner i avløpet. Se https://www.kid.no/interioer/diverse-smaaartikler/guppyfriend-vaskepose/.

Den suverent største kilden til utslipp av mikroplast er slitasje fra bildekk. Andre viktige kilder er kunstgressbaner og maling. Klesvask står også for en betydelig andel, men det er langt fra den største kilden. Med tanke på at en del syntetiske fibre har noen klare miljøfordeler sammenlignet med en del av de naturlige, ser vi ikke på det å erstatte syntetiske fibre med naturfibre som en veldig god miljøløsning. Da er vaskeposer en bedre løsning. 

Les mer om utslippskilder hos Miljødirektoratet: http://www.miljostatus.no/tema/avfall/avfall-og-gjenvinning/mikroplast/ 

-Klima og miljøavdelingen, Framtiden i våre hender.

Heimestrikka klutar er gode som gull, -og miljøvenlege.

Ergo er mikrofiberklutar framleis eit godt alternativ til reingjering, – og enda betre er det om du brukar ein vaskepose som fangar opp mikroplast.

Om du likevel er skeptisk til å bruke mikrofiber, kan du til dømes strikke dine eigne klutar! Gå for eit bomullsgarn som toler 60 grader i vaskemaskina, og strikk i veg. Om du legg opp 50 masker, bruker tynne strikkepinnar (3 – 3,5 mm) og strikker eit kvadrat, får du ein fin størrelse.

Eit fint prosjekt, -også for oss som eigentleg er skikkeleg dårlege på strikking.

I morgon skal eg dele noko veldig artig med dykk. Det omhandlar klima, miljø, litt jul og kjem til å prege store deler av desember her på Notisboka. Eg gler meg noko voldsomt, så eg håpar du kikar innom!

Ha ein fin onsdagskveld!

Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre