
Denne veka er eg og mormor heime aleine på tunet. Eg jobbar litt på dagtid denne veka og ho lagar middag til eg kjem heim. Om kvelden er det te og kveldsmat. For eit luksustilvære!
I går kom kusina mi og på kveldsmat. Ho hadde vore på Ekstremsportveko på Voss kor ho til og med hadde konkurrert i frikjøring! Me som ikkje er fullt så tøffe fekk full rapport frå ei kjekk veke. For å bøte litt på blåmerkene ho hadde med seg i heim att, slo me til med lefserullar til kvelds.
Med få ingredienser og ein pakke lefser (eg brukar Vestlandslefser om eg ikkje har heimebaka) kan ein lage ein storslegen kveldsmat. Dette fungerer forøvrig som lunch også, -for ikkje å snakke om turmat!

Eg er veldig glad i søtt og salt saman. Etter ein runde i kjøleskapet til mormor, vart desse tre variantane prøvd ut i lefsene. Det var godt som berre det, uhyre enkelt og bra mat for sletne kroppar!
Lefserull med appelsinskinke, ruccola og plommechutney frå Hardanger

Eg er veldig glad i chutneyane frå Hardanger. Gode krydder saman med sylta frukt gir ein indisk vri på maten. Mormor hadde fleire sortar i kjøleskapet men eg gjekk for den med plomme. Saman med salt skinke og mykje salat var det rett og slett digg!
Lefserull med vellagra Jarlsberg, ramslaukpesto og ymse salat

Ramslauk er Noreg sitt svar på kvitlauk. I pestoversjon er den uhyre god (mormor hadde ein tysk versjon, men ein finn mange fine norske variantar på marknaden). Saman med vellagra ost og litt ymse salat (raudbetblad og feldsalat) vart det ein høgdare.
Lefserull med gamalost, rømme og tyttebærsyltetøy

Gamalosten held på å få vind i segla. Det er ikkje dumt. Den er jo så god! Saman med litt frisk rømme, litt salat og noko søtt som til dømes tyttebærsyltetøy er det kort og godt kanongodt (men passar gjerne best for vaksne smakslaukar)!

Nyt med ein kopp te og i godt lag!
/Inga