Kroppen er ikkje viktigast

Gløym kroppsfokuset og heller tenk på at snart blomstrar kirsebærtrea!

Eg les ikkje så mange treningsbloggar, men ein eg kikar innom, er Funkygine. Ei flott dame med bein i nasa og sterke meiningar. Her i veka publiserte ho innlegget For det eneste som vises er kropp, kropp kropp. Ho tek opp eit tema som eg tykkjer er særs viktig.

Kor enn ein snur seg er det kroppen som er i sentrum. Frå avisframsider om korleis du skal gå ned julekiloane, til sosiale medie der folk og merkevarer postar bilete av kroppar med hashtaggar som #fitliving, #fitspiration og #thinspiration. Kroppsidealet vert dyrka i det vide og det breie. Du skal ikkje vere berre slank, du skal også vere veltrent og ha synlege musklar på dei rette stadene.

Samstundes ser ein motreaksjonar med menneske som tek eit oppgjer med kroppsideala og som postar bilete av «den ekte kvinnekroppen» akkompagnert av hashtaggar som #loveyourbody og #honormycurves. Det er i utgangspunktet bra at det kjem reaksjonar og at ein får breidde i kroppane som blir vist. -Men er ikkje dette med på å understreke at nettopp kropp er så viktig?

Kva om me kunne bekjempe kroppshysteriet med å slutte å ta bilete av fleksande musklar eller formfulle magar, ribbein og strekkmerker. Kva om me rett og slett kunne kledd på oss?

Ved å heller vise meiningane våre, tankane våre, humoren vår og engasjementet vårt, -ja nettopp vise kor kule, interessante og fine folk me er inni kroppane våre, kan kroppsfokuset dyssast ned.

Å ha ein kropp som er sterk nok til å utrette det du vil gjennom dagen, som kan halde energinivået oppe og som bidrar til at du held deg frisk og rask lengst mogleg er viktig, -men til sjuande og sist er kroppen lite interessant utan det som er inni.

Kroppsfokuset har eksplodert saman med framveksten av sosiale medie. Det er ikkje sjeldan eg tenkjer at eg er letta over å vere 31 år og ikkje 16 i dag. No vert ein pepra med kroppsfokus 24 timar i døgnet via nettaviser, Instagram, Snapchat og Facebook. Det krevjer fokus å hugse på at utsjånad ikkje er det viktigaste.

Difor blir eg ekte glad av unge folk som Nancy Herz og Amalia-Louise Miniggio som bruker stemmene sine til å ytre meiningar og engasjement. Dei er viktige førebilete som minner oss om kva som er viktigast. La oss gi dei og andre unge stemmer enda større plass, og heller gi ein pause til dei fleksande musklane.

Kva tenkjer du?

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Kunsgrasbanar skal spre fotballglede, ikkje mikroplast

Då kunstgrasbanane gjorde sitt inntog på Haugalandet på byrjinga av totusentalet, spelte eg aktivt fotball. Eg hugsar kor stas det var om kampar eller treningar vart lagde til nye kunstgrasbanar. Det einaste som var litt rart, var all den svarte gummien som dryssa ut av fotballskoa då me kom heim.

Kg
Utklipp: Haugesund avis. 25. januar 2018.

Gummigranulat laga av opphakka bildekk, er det vanlegaste dekket i norske kunstgrasbanar. Granulatet vert brukt som fyllmateriale og skal bidra til støtte og demping i underlaget på banen. Det kjem likevel ikkje utan dei store ulempene.

I dag veit me at gummigranulaten frå kunstgrasbanar er ei stor kjelde til mikroplastforureininga i Noreg. Ein rapport frå Miljødirektoratet i 2012, viser at det forsvinn heile tre til fem tonn gummigranulat frå ein bane per år. Det er heilt enorme tal! Sjølv om rutinane har blitt betre når det kjem til vedlikehald av banane og oppsamling av gummigranulat som ligg rundt, er det likevel eit fattig argument for å fortsette med gummigranulat som dekke. Det er ingen grunn til at fritidsaktiviteter til born og unge skal vere ei stor kjelde til forureining.

Miljødirektoratet vurderer eit forbod mot kunstgrasbanar med gummigranulat. Det finst heldigvis andre, meir miljøvenlege alternativ, som kork. Å byte ut dekket betyr ein meirkostnad, men med omsyn til kva for ein stor miljøbelastning det noverande dekket fører med seg, er det særs uklokt å la det ligge. Forhåpentlegvis vert forbodet innført, og kunstgrasbanane rundt om i landet kan bli fornya og langt meir miljøvenlege.

-Ja til kunstgrasbanar som sprer fotballglede og ikkje mikroplast!

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

Klimafestivalen § 112

Hevstemmen_nkn_bred
Foto: Nkn.no

Akkurat no pågår Klimafestivalen § 112. Den er frå 17.-28. januar i år, og er ein festival i regi av Norsk klimanettverk. Norsk klimanettverk arrangerer nokre av kjernearrangementa i løpet av festivalen, medan resten av programmet er laga av frivillige. Det er små og store arrangement over heile landet. Den komande veka kan du mellom anna delta på klesfiksedag i Trondheim, klimapoesiopplesing og konsert med Moddi i Bikuben i Oslo, byvandring med klimavri i Molde, informasjonsmøte om mindre matkasting i Asker, stand-up-arrangement i regi av Fjorden ren i Hurum, foredraget Litteraturen og klimakrisen i Tromsø, bytte- utleige, -og bruktkjøp-kveld av skuleballkjolar i Bergen, og mykje mykje meir. Fullt program ser de her.

Så vidt eg ser og veit, er det ingen arrangement i Haugesund i år. Det må me gjere noko med til neste år!

Her byrjar «flonso» å takke for seg, -og det blir feira med ny-brukt genser! Genseren var eigentleg på veg til Fretex, men vart i siste liten tilbydd meg. Tusen takk! Det er minst like stas å få brukte klede som nye! Bak meg ser de ei av årets julegåver. Eit svindyrt kunstverk som no pryder trappeoppgongen. Meir om kunstverket og kva eg måtte betale for det, kjem til veka! Kik gjerne innom seinare i dag. Då kjem ein litt forsink Mat for sjela-post for veke 3.

/Inga

LagreLagre

Vern, Venstre og varme panner

Her vart planlagd helg på Vågsli med vener kansellert til fordel for virus, feber og sofaliv i Haugesund. Slik er vinteren! Det er ikkje berre ski og velstand, men også flust med basseluskar. Eg satsar på at heile gjengen er tilbake i sving så fort som mogleg. Då får eg også skreve litt meir her inne, då eg har fleire fine saker på tapetet.

Denne nyhenda frå regjeringsforhandlingane vart ein skikkeleg opptur på tampen av helga. Godt jobba av Venstre!

Ynskjer alle ei flott veke med god allmenntilstand!

/Inga

Kvalitet og bærekraft

God fredag alle saman! Hugs at kvalitet og bærekraft er viktigare enn kvantitet og billege prisar. Faitrade-merket, Svanemerket, Debio-merket, -og ikkje minst NYT Norge-merket er gode hjelparar i butikkane, -også dei andre dagane.

Ha ein fin fredag!

Inga 🙂

LagreLagre

LagreLagre