Cheap Fashion is Kinda like the Donald Trump of Industries

Ifylgje ny forsking frå NTNU, er forbruket vårt verst for miljøet. I løpet av eit heilt liv, er heile 80% av utsleppa me er ansvarlege for, grunna varene me kjøper. Forbrukarkulturen og kjøp-og-kast-mentaliteten fører til enorme klimautslepp. På eine sida er det skremmande. Samstundes er dette også langt enklare å gjere noko med, samanlikna med mange andre miljøtiltak. Det er ein lettelse.

Holete genserar etter eit års ivrig bruk.
Holete genserar etter eit år med ivrig bruk.

For litt inspirasjon, anbefalar eg å sjå den fine video-snutten frå Grist. Den er underhaldande, veldig informativ og med gode tips til korleis me kan kle oss «grønare».

 

Green fashion:

1. buy less
Kort og godt.

2. shop smarter
Kjøp økologisk bomull, fair-trade og andre plagg som tek ansvar for prouksjonstilhøva. -Både for menneske og miljø.

3. look for durability and good design
Sjekk vaskelappen for gode materiale. Kjøp plagg som du ser for deg at du også kan bruke sjølv om ein trend går over i ein annan.

4. don’t trash it
Gi bort kleda til Fretex, Uff eller andre som tar i mot brukte klede.

5. get a lil» dirty
Vask kleda dine sjeldnare. Kleda har det ofte betre, dei varar lengre og me sparar miljøet.

Plass til pupper, mage og masse kake!!! HURRA!!
Nøgd shoppestoppar som fekk låne kjole. Å låne, leige eller kjøpe brukt er undervurdert!

Det er tre år sidan eg gjennomførte eit år med shoppestopp. Det som skulle vere ei enormt stor utfordring, viste seg å vere langt enklare (og ikkje minst meir behageleg) enn eg hadde venta. Til og med då eg pressa inn ein graviditet midt i året(!).

Fråveret av kjøpepress og tanken om at «eg har ingenting å ha på meg, -så eg må kjøpe noko nytt», har merka tankesettet mitt sidan. I staden for handleliste, har eg ønskeliste. Eg kjøper gjerne brukt. I staden for storshopping hjå kjedebutikkane, har eg blitt meir oppteken av kva som står på vaskelappen. Det er betre å legge meir pengar i få plagg, enn å kjøpe flest mogleg plagg for ein rimeleg penge. Det er bra for klesskapet, lommeboka, -og viktigast av alt miljøet!

Ha ein fin kveld!

/Inga

 

Shoppestopp 2013 / Konklusjon

Er det mogleg å leve med shoppestopp på klede og sko eit heilt år?

Dette spørsmålet stilte eg i innlegget Shoppestopp 2013 og McFashion, posta 20. januar i fjor. Eg var i overkant spent (og hadde mine tvil) då eg vart utfordra av ei venninne. Så er det mogleg?

JA!

…det var rett og slett overraskande enkelt.

I lånte fjær 1
Pregers

-Ihvertfall så lenge ein går på med ein god porsjon entusiasme, vilje om å sjå moglegheiter i klesskapet snarare enn begrensingar og eit kobbel med venninner som stormar til med gravidvenlege klede då ein tek eit svangerskap midt i shoppestoppåret.

Så først av alt: TAKK til Audhild, Karen-Andrea, Mari, Solveig, Solvor og Ane som stilte opp med gravidvenlege klede etterkvart som behovet meldte seg. Utan dykk hadde jammen meg dette prosjektet blitt ei mindre lystbetont affære.

Plass til pupper, mage og masse kake!!! HURRA!!
Hoppande glad over å få låne kjole med plass til gravidmage, kake og dansemoves!

Her er nokre av erfaringane eg har hausta etter dette året:

-Åja, er det dette som er «min stil»!

I det ein bestemmer seg for at ein skal klare seg med det ein har, vert hjernen raskt omstilt til å sjå moglegheiter snarare enn begrensingar i klesskapet. Det er morosamt og ein oppdagar stadig vekk at ein kan kombinere kleda ein har på nye måtar. Samstundes vert ein særs bevisst på kva ein trives i og kva som er «deg». Den rosa toppen med hjerter på var gjerne bakerst i skapet av ein grunn, medan den eine dongeribuksa som er utsleten, men som du fortset å bruke dag etter dag, bør gjerne erstattas med ei identisk ei ved neste korsveg?

Ved å søke litt etter inspirasjon, kan ein sjå kleda sine med nye auge. Instagram-kontoen til Fargerike Dagny har fått meg til å bruke meir fargar i år. Takk! 😀 Elles har eg også blitt rett og slett veldig glad i nokre av plagga mine. Som den trofaste, blå blazeren som fiksar alt og den orange toppen som eg blir i godt humør av å gå med.

Å ta ein time-out frå kjøpefesten for å bli medveten over kva ein faktisk brukar og likar å gå med, gjer det lettare å gjere lure kjøp når shoppestoppen er over.

Framleis meir moro med neglelakk enn til vanleg!
Neglelakken vart hyppig brukt dette året.
Smitteeffekten og den gløymde ynskjelista

Shoppestopp smittar over på anna forbruk. Ein vert kort og godt meir medviten som forbrukar.For første gong på sju år, har me klart å få til vekeshandel av mat. Det har også smitta over på andre kjøp, som til hus, heim og baby.

I boka Shoppingfri, skriv Irina Lee om borna hennar som ikkje visste skilnaden på ei ynskjeliste og ei handleliste. Det kan nok fleire av oss kjenne oss igjen i. Dette året har eg difor tatt fram igjen ynskjelista. Det har vore noko av det finaste med heile shoppestopp-året.

For; ein må ikkje nødvendigvis kjøpe det første og beste ein kjem over, sjølv om ein har råd til det der og då. Å bruke tid på å vurdere om ein eigentleg treng det og vurdere ulike alternativ, er lystbetont og fint. Då er sjansen langt større for at ein gjer eit godt kjøp som ein vil vere nøgd med i mange år framover, -ja kanskje livet ut!

Eg byrja difor å skrive ned saker eg ynskte meg dette året, for så å rangere dei og byrje å spare. Me trengte til dømes to nattbordlamper. To lamper eg i utgangspunktet tykte var for dyre, vart mine etter å ha lagt pengar til sides litt etter litt. Det var ei fenomenal kjensle å kjøpe noko ein  hadde spart til og som ein hadde drøymt om lenge! Ynskjelista er komen for å bli.

DSC_0164 2

Materialisten i oss trur eg ikkje forsvinn, men gleda over ting varar lengre om me legg pengane i færre men meir gjennomtenkte kjøp. Mange saker me tenkjer me «må» ha når me står i butikken, kjenst ikkje like nødvendig etter å ha sove på det. Verkar det som eit like godt kjøp dagen etter, eller etter nokre veker, -ja då er det nok det! Materialistisk glede handlar kort og godt om kvalitet og ikkje kvantitet. Eg vil heller ha to lamper som eg gler meg over livet ut, enn fem som vert byta ut etter tur fordi dei ikkje var så fine/lure som eg tenkte i det eg raska dei med meg i butikken.

Pengar

Om eg skulle ha starta dette prosjektet på nytt, hadde det vore moro å legge av den summen pengar som ei kvinne på min alder nyttar på klede og sko i månaden (780,- iflg. SIFO sitt referansebudsjett). Det har eg ikkje gjort, men eg har utan tvil spart pengar på dette prosjektet. Pengane ein sparar, kan ein til dømes bruke på å fylle opp BSU-kontoen eller mindre økonomiske (men særs morosame) saker. Som blow-dry i London som varar tre sekund.

IMG_0761

Miljø

I staden for å kaste og kjøpe nytt, har eg i år stifta nærare bekjentskap med skomakar og renseri. No over nyttår fekk eg reparert ei dongeribukse på ei systove. Å ta vare på det ein har, fører til lengre brukstid og mindre avfall. Eg kjem definitivt til å fortsette å ta godt vare på det eg har slik at det varar lengre. Med litt vedlikehald hjå flinke fagfolk, vert brukstida lengre enn lang. Det bør heller ikkje vere skilnad på billege og dyre plagg. Om det  ikkje er verdt å å reparere ei bukse som i utgangspunktet kosta 299,-, -ja, då lagar ein uansett meir avfall i det ein kastar den og kjøper ei ny. Slik sett er eg tilhengar av å heller bruke ei ekstra krone på miljøet.

Holete genserar etter eit års ivrig bruk.
Holete genserar etter eit års ivrig bruk.
Alt i alt….

har eg vore langt meir tilfreds dette året. Shoppestopp har dempa jaget etter ting generelt sett. I staden har eg kosa meg med det eg har og heller lagt tid og pengar på anna. Eg har kort og godt hatt lågare puls i kvardagen og ein distanse til kva ein «bør ha» og «fordi eg fortener det». Det har vore utruleg deilig.

Men. Så er det det at eit shoppestopp-år ikkje berre skal vere eit vestleg, sjølvsentrert «eg treng å få oversikt over det sprengfulle klesskapet mitt»-prosjekt.  Viktigast er bevisstgjering rundt langt meir alvorlege tema. Som miljø og rettferd for dei som produserar kleda for oss. Året har gitt grusomme innsyn i tilhøva til tekstilarbeidarar som jobbar under kummerlege og livsfarlege tilhøve. Me kan ikkje akseptere at det fortset slik. Som forbrukar har ein mykje makt, og ved å sette høgare krav, kan liten tue velte stor stein.

Støttestrømper og amme-bh vart mine to sprekkar dette året. Det var heilt ok.
Ein av to sprekker.

Når eg no fortset som forbrukar i 2014, vert det som ein langt meir bevisst forbrukar. Me er godt ut i januar og eg har framleis ikkje kjent noko særleg shoppinglyst. Eg har kjøpt nokre nødvendigheter og eit par sko eg trengte og har ynskt meg lenge (tjoho!), men elles har eg vendt tomvendt heim frå kvar «shoppingtur». Ordet januarsal byr meg snarare i mot enn å vere forlokkande. Shoppinglysta er borte og eg merkar eg vegrar meg mot å dra kortet for noko eg ikkje er 100% sikker på at eg treng. Eg har også blitt meir skeptisk til merkevarer og tek meg sjølv i å google etter informasjon om produksjonstilhøve med meir, stadig vekk. Eg er rett og slett blitt litt sta i forhold til kva eg ynskjer pengane mine skal gå til.

Eg fortset difor 2014 med å ..

– gjere færre, men betre kjøp.

– handle oftare brukt.

– støtte opp under produsentar som produserer klede på etisk vis.

– støtte opp om norske designarar og produsentar.

– fortsette å bruke skomakar, renseri og systover slik at eg forlengar levetida til det eg har.

– fortsette å leite etter nye måtar eg kan bruke det eg har.

Siste dag i shoppestopp-året 2013. Iført bukse full av mjøl, mannen si skjorte og mor sine klogger. Kvifor vart ikkje eg nominert til Dagens outfit på Vixen awards?!
Siste dag i shoppestopp-året 2013. Iført bukse full av mjøl, mannen si skjorte og mor sine klogger. Kvifor vart ikkje eg nominert til Dagens outfit på Vixen awards, sarru?

Shoppestopp-prosjektet har vore eit vanvittig fint prosjekt som eg anbefalar alle å prøve ut. Ein får ein fin ro. Eit lite friminutt frå kjøpefest for å lage «heimefest» med eigne klede, pengar og tid. Det er det verdt!

Har du gjennomført shoppestopp eller er du litt frista? Om du lurar på noko som eg ikkje har skreve om, kom med spørsmålet i kommentarfeltet, -så skal eg svare på det! 🙂

/Inga

Her er månadsoppsummeringane mine frå året som gjekk:

Shoppestopp 2013 / November og desember

Grunna barselboble kjem november og desember i ein samla post.

På førehand hadde eg sett for meg at november kom til å bli den mest utfordrande månaden  med magen på sitt største. Desember skulle på si side bli den enklaste, då eg stort sett kom til å traske rundt i praktiske ammeklede og vere innanføre leiligheten sine fire vegger. Mykje stemte, men det vart og nokre overraskingar!

I gravidjakke på tur på Norsk folkemuseum to dagar før fødsel. Fin stad å få tid til å gå!
I lånt gravidjakke, lånt kvardagskjole og bruktfunnet, Nike-skoa, på tur på Norsk folkemuseum to dagar før fødsel. Fin stad å få tida til å gå.
  • Lån av gravidjakke gull verdt! På førehand hadde eg gambla på at november ikkje kom til å bli ein bitande kald månad. Om jakkene ikkje gjekk heilt igjen, kunne eg dekke meg til med store skjerf eller låne mannen sine jakker om me skulle ut og gå tur. November vart ein kald månad og det vart med eitt litt stusseleg. Heldige meg fekk brått overlevert ein pose med gravidklede frå ei venninne heimefrå og der låg det jammen meg ei fin gravidjakke!! Den vart flittig brukt kvar dag fram til fødsel.
  • Joggesko er yndlingsskoa når ein slit med å bøye seg over gravidmagen. Dei brukte Nike-skoa eg vart euforisk av å få i vår, vart fast del av habitten då eg var høggravid. Mjuke, praktiske, fine og enkle å få på.
  • Haremsbukse er bleiebukse for vaksne. Eg arva ei haremsbukse i somar. Den viste seg å vere perfekt på barselavdelinga.
Haremsbukse!
Haremsbukse!
  • Hei Dolly Parton! Farvel comeback! Babyen var brått ute og megamagen forsvann. Eg vart framleis tatt for å vere gravid fire dagar etter fødsel, men magen var i det minste liten nok til at eg kunne bruke gamle overdelar og skjorter igjen. Trudde eg. Neidå. For når magen går ned, aukar volumet lengre opp. For ei med beskjeden utrusting frå før, var dette litt sjokkarta. Fleire av overdelane mine passar framleis ikkje. Nedtur? Så til dei grader.
  • Kvardagskjolane er og blir årets gravid-hit. Eg hadde ingen i skapet då året starta, men fekk låne fire kjolar av tre venninner som vart brukt stort sett kvar dag den siste månaden. Det er utruleg praktisk og ein kjenner seg så fin! Det beste er at ein slepp og tenkje på om kleda heng saman på midten.
Kvardagskjolar på lån
Kvardagskjolar på lån
  • Ein kan lage ammetopp sjølv. Man tager hva man haver når ein har shoppestopp. Så lenge ein har ein tynnare topp under overdelen, har ein ein heimelaga ammeoverdel. Trekk ned utringinga på den den innerste og trekk opp den øverste. Då får ein ei stor nok glipe til amming, samstundes som ein er fullt påkledd på overkroppen. Dei mykje omtalte ulltrøyene er gull verdt til dette også.
  • Eg gjekk på shoppestopp-smell nr. 2. Ammebh var lånt av ei venninne og eg var særs nøgd med å ha ordna meg utan å kjøpe nye. Men. Så var det denne Dolly Parton som brått dukka opp og lånt bh var brått for liten. Ein stykk sprengd og desperat shoppestoppar måtte til slutt ut for å kjøpe ammebh i passeleg størrelse. Då dette prosjektet som nemnt ikkje skulle vere fysisk smertefullt, passerer dette innkjøpet saman med støttestrømpene.

Den endelege konklusjonen på shoppestopp-året kjem i ein annan post.

/Inga

Guten Rutsch!

2013-12-31 03.29.54

Godt nytt år! Takk for det gamle, for at de kikar innom og legg igjen fine og interessante ord! Det er alltid så meiningsfullt det de skriv og eg gler meg over tipsa, erfaringane og meiningane som dukkar opp i kommentarfeltet med jamne mellomrom. De er nokre finingar!

Shoppestoppåret 2013 er over og det har vore eit tankevekkande prosjekt. Ein meir utfyllande rapport kjem i dagane som kjem.

No vonar eg alle hadde ein «guten Rutsch» inn i det nye året og at 2014 blir eit år fylt med mange morosame, interessante og fine hendingar for dykk alle. Eg startar året med nokre estetiske endringar på bloggen, men innhaldet vil fortsatt bære preg av ad hoc-blogging om grøn kvardag og gladmat.

Ovanfor ser det eit bilete frå nyttårsførebuingane mine; dypping av ballongar i sjokolade (!). Kva det gjekk ut på kjem i ein eigen post.

Ha ein fin-fin 2. januardag!

/Inga

Shoppestopp 2013 / Oktober

Nylig oppdatertShoppestopp-månaden oktober baud på fleire fine saker, som fornya jeans og hausting av frynsegoder frå dei første ti shoppestoppmånadane.

Her er observasjonar, erfaringar og eit shopperåd frå månaden som gjekk.

  • Kjøp ballerinasko med hæl.

Berre nokre få millimeter med hæl kan vere nok til at eit par er som balsam for føtene, medan eit anna, hællaust par tek knekken på ryggen.

Eg bur i ballerinaskoa mine frå mai til august. Helst tøyer eg sesongen litt i begge endar med tjukke strømper, slik at eg kan bruke dei enda lenger. Ballerinasko er fint og ikkje minst praktisk.

Eg har eit par av ballerina-skoa til høgre over. Det paret vert ikkje brukt då det kjennes godt i korsryggen etter nokre timar. Sko med hæl som dei til venstre kan ein fort gå med ein heil dag utan at ein merker det. Dei hællause ballerinaskoa vert nok gitt bort ved neste korsveg.

  • Å farge klede er ein genial måte å fornye kleda på.

Gå gjerne saman med fleire om ein fargevask, så sparar ein miljøet. Kusina mi skulle farge nokre klede svart, og eg fekk snike med to par jeans. Dei vart som nye! No more charcoal, mate!

Nylig oppdatert

  • Det er skikkeleg, skikkeleg kjipt når eit par sko du er verkeleg glad i blir øydelagde.

Dei var billege og i utgangspunktet av dårleg kvalitet, -men eg håpa at med forsiktig bruk og godt stell skulle dei vare lenge. Diverre har heile sålen blitt knekt (!) under transport i ein bag og no er dei ubrukelege og kan ikkje reparerast. Desse ankelstøvlettane har eg brukt mykje, både til kvardags og fest. No skal det sparast til nye …og helst av litt betre kvalitet.

DSC_0035

  • Shoppestopp fører til at ein kan bruke pengar på andre festlege saker!

I fylgje SIFO sitt refereansjebudsjett, nyttar ei gjennomsnittleg norsk kvinne på 20-50 år 9360 kr. på klede og sko i løpet av eit år. Dette er pengar som brått vert fristilt om ein har shoppestopp og som ein då kan anten spare og/eller bruke på andre saker som ein gjerne ikkje hadde brukt pengar på til vanleg.

Eg nytta høvet og starta permisjonstida med eit døgn på Holmsbu. Det var himmelsk for kropp og sjel. Takk til shoppestoppåret for feiande fin oppstart på permisjonstida!

/Inga