Morgonane me hugsar

DSC_0332

Når regnet høljar ned utanføre kjøkenglaset og gradestokken stadig kryp nedover, er det fint å scrolle gjennom bilete frå somaren. Allereie er mangelen på badetemperaturar og varme gløymd. Det er snarare dei skikkeleg fine dagane som blir hugsa! -Som denne tidlege morgonen i eplehagen. Her laga me humlepark i år. Gras, kløver og andre blomar fekk vekse fritt i staden for at me slo graset som vanleg. Humlene kom og summa rundt under epletrea.

Likevel vart konklusjonen at det ikkje er behov for ein ekstra humlehage i det som allereie er ein humlehage. Mykje blomar, frukttre og åker gir allereie humlene det dei treng, og humlene er der uansett humlepark eller ei. I staden blir eplehagen tilgjengeleg for hengekøyer og slumring under trea igjen.

-Vinn-vinn for både menneske og humler!

/Inga

La humla suse

DSC_0332

Humleparkprosjektet har sålangt fungert godt.

1. Graset har fått gro i fred og det har kome markblomar. Hurra!
2. Fleire humler har blitt observert. Tusen gonger hurra!

Då eplehagen har blitt slått og brukt som plen i alle år, er det stort sett kvitkløver å sjå. No er graset også blitt særs høgt, så no skal me slå graset og samle markblomar frå vegkantar og enger i nærleiken. Blomane skal me spreie i graset, i håp om at dei frøar seg og humlene får fleire sortar å kose seg med.

Dette er eit artig prosjekt som krev lite arbeid. Ein kan bokstaveleg talt la humla suse!

Ynskjer alle ein nydeleg somar!

/Inga

 

Sesongslutt betyr sesongstart

DSC_0026

På slutten av kvar sesong gler eg meg som eit born til den neste. Eg har byrja å gle eg meg til skarp haustluft, lukta av våt lyng under joggeturar i skogen, smaken av smørsteikte kantarellar, tjukke bøker, kvardag, tekoppar på størrelse med suppeboller, nistepakke og varme skjerf. Det blir så uendeleg fint.

Om det skulle bli for surt på enkelte haustdagar, kan ein berre hente fram minna frå det som må vere den flottaste somaren i Noreg på lenge. Som mellom anna baud på seine kveldsbad på Sørlandet. Måtte neste somar by på like fine minne!

Ha ein fin laurdag!

/Inga

Kortreist mat, miljøvenleg eller ei?

Grønsakhandelen forrige veke. Dyrka og avla fram i same kommunen eller nabokommunane. Det er verdt å støtte opp om!
Grønsakhandelen forrige veke. Dyrka og avla fram i same kommunen eller nabokommunane. Det er verdt å støtte opp om!

Kalenderen viser august og me er midt i høgsesongen for norsk frukt og grønt. Det er grunn til å frotse, -og gjerne i kortreiste varer!

Å kjøpe kortreist er ein fin måte å støtte opp om norsk matproduksjon og lokale produsentar. Me treng ein levedyktig matproduksjon i Noreg også og deler av ansvaret ligg på oss som forbrukarar.

Om kortreist mat er meir miljøvenleg er særs omdiskutert. Matproduksjon i varmare strøk er meir miljøvenleg enn matproduksjon i oppvarma drivhus kor ein gjødslar med kunstgjødsel viser ein rapport i frå Teknologirådet. Transport via store lastefartøy som skip, gir også eit mindre klimaavtrykk per vare, enn om me tek bilen til og frå butikken.

Samstundes er matproduksjon frå småskalaprodusentar tryggare med omsyn til spreiing av sjukdom. Om ein i tillegg er vegetarianar ein dag i veka, har amerikanske forskarar funne ut at du då nullar ut klimautsleppa frå all transport som maten din har ført til. Om ein tek kollektiv transport, sykkel eller tek vekeshandel med bil ein gong i veka, -har ein minka klimautsleppa sine betrakteleg.

Kort oppsummert er kjøp av kortreist mat positivt..

  • .. for norsk landbruk, norsk matproduksjon og lokalsamfunna.
  • .. då det gir høgare mattryggleik.
  • .. dersom du er klimalur og vel kollektivt eller sykkel til butikken.
  • .. om du begrensar biltransport grunna mathandel til ein dag i veka.
  • .. om du køyrer ein veggis-dag i veka.
  • .. særleg no i høgsesongen, då frukt og grønt vert dyrka i friluft og/eller utan oppvarming.

Me lagar middagsmeny, planlegg vekeshandelen og handlar inn mat ein dag i veka med bil. I tillegg handlar me no i somarhalvåret på Grøntbua på Gilhus Gård. Det ligg i nabolaget og er ein fantastisk utsalsstad. Her finn ein supre grønsaker, bær og egg. Prismessig betalar ein ikkje meir enn om ein skulle kjøpt varene i butikk.

Det vert fleire og fleire butikkar og andre utsalsstader som framjer kortreiste produkt rundt i landet. Ein finn mykje fin informasjon på nett. Mest sannsynleg kjenner du til mange utsalsstadar allereie. Matvarene i butikkane er også godt merka om dei er frå Noreg eller andre land. Det er slik sett lett å velje norsk. Bondens marked er forøvrig eit supert fora for å bli kjend med småskalaprodusentar rundt om i Noreg. Her finn du oversikten over når og kor du finn neste Bondens marked i nærleiken av deg.

Kva meiner de om kortreist? Om de handlar kortreiste produkt; kva kjem i handlekorga?

/Inga

Paner bort kvardagsbluesen

DSC_0438 kopi

Etter ei heidundrande fin bryllaupshelg som eg kjem til å hugse lenge, var det litt av ein blåmåndag å vakne opp i det ein kan kalle ein «kvardagsleilighet». Kor er trerettersen, dei vidunderleg fine folka, musikken, dei vakre omgjevnadane og sjokoladefontena? Det einaste som kunne minne om fest, var hybelkaninene som dansa boogie under senga. Det er jommen meg godt me får besøk i dag. Det er beste oppskrifta på kaste-seg-rundt-shinings her i heimen.

Enn så lenge finst det andre triks i ermet for å kurere kvardagsbluesen. Som til dømes å pimpe opp fiskemiddagen med litt panering. Panering gir ein fantastisk crunch (fann ikkje eit godt nok skildrande norsk ord der)  og set nye, spanande smakar på billege fiskevariantar  som sei, lyr osv.

Ein må ikkje panere med den gode gamaldagse brødsmuleblandinga. Kvifor ikkje prøve frø, nøtter eller krydder? Eg lovar, -det vert høgtidsstemning i heimen av slikt.

Her kjem ei lita oppskrift på panering av fisk, squash (paneringa tok litt av) og til sist, det beste tilbehøret til fisk og kjøt no på seinsomaren.

DSC_0387 kopi

Panering av kvit fisk

  • ca. 200 g. fisk per pers.
  • 1 egg
  • salt og pepar
  • 6 ss kveitemjøl
  • 2 ss smør
  • 1 ss olje

Døme på paneringsblanding:

  • 1 ts korianderfrø
  • 1 ts spisskummen
  • 1 ts fennikelfrø
  • 1 ts heil, kvit pepar
  • 1/4 ts reven muskatnøtt
  • 1 ts salt

Ha fisken i ei bolle med kaldt vatn i 15-20 min. før du skal steike den. Dette for at den skal, -ja, bli fastare i fisken! Bruk gjerne isbetar i vatnet for å halde det kaldt. Dersom du brukar 2-3 ss salt per liter vatn gjer dette fisken saftigare.

Tørk fisken med eit reint kjøkenhandklede.

Bland paneringsblandinga i ein morter og mal det til ei fin blanding. Pisk egget for seg.

Dypp fisken i kveitemjølet, pensle over med egg før du dypper fisken i paneringsplandinga.

Varm smør og olje i ei steikepanne

Ha i fisken og la den steike 4-5 minutt på den eine sida, før du snur og steiker i 3-4 minutt på andre sida.

DSC_0402 kopi

Panering av squash

  • 1 squash
  • 1 del sesamfrø
  • 1 del linfrø
  • 1 del gresskarkjerner
  • 1 egg

Mel opp frøa i ein kjøkenmasking. Skyll squashen og del i lange, diagonale skiver. Pensle skivene med eit egg og dypp i frøblandinga. Steik i 3-4 minutt på den eine sida, og likeeins på andre sida.

DSC_0408 kopi

Det beste tilbehøret til fisk og kjøt i august er…

  • cherrytomater
  • salt og pepar
  • olivenolje

På denne tida finn ein dei beste, norske tomatene i butikken (eller om du er skikkeleg heldig; i drivhuset). Ein veldig fin måte å bruke dei på, er å ovnsbake dei slik som dei er. Tida i omnen får fram fantastiske smakar i tomatene. Dei kan til tider minne om søte jordbær!

Det beste er om ein har skikkeleg god tid. Om du har 3-4 timar, steik dei på 60-70 grader, Om du har 1-2 timar, steik dei på 150 grader. Om du har kortare tid enn dette, steik på 180-200 grader i rundt 20 minutt. Smaken vert definitivt best om ein har god tid, men tja, det er sjeldan ein har det i kvardagen.

Skyll tomatene og legg på eit steikebrett dekka med bakepapir. Drypp over godt med olivenolje og nykverna salt og pepar. Steik i omnen på ynskja grader over ynskja tid (sjå ovanfor).

Ha ein feiande fin måndag!

/Inga