Jord på agendaen

I kveld gjestar Dag Jørund Lønning, forfattar av den kritikarroste boka Jordboka, høgskulen. Han skal i samtale med Margit Vea snakke om jord og kvifor den er så viktig for matproduksjon, økologi og helsa vår.

Eg har lest mykje om boka hans og den står høgt på leselista. Jorda og korleis me tek vare på den, er viktigare enn me trur.

Om du kan, -ta turen til høgskulen i kveld og bli litt klokare på det som er under beina våre!

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

#klodenvår

Førstkomande onsdag arrangerer Aftenposten klimakonferansen #klodenvår. Det er på Folketeateret kl. 18.00 – 21.30. Det er framleis billettar igjen, så om du bur i Oslo-området, bør du vurdere det! Det er spekka med spanande foredrag og debattar. Hovudtemaet i år er mat, og nokre av spørsmåla som blir stilt, er:

  • Må me ete mindre kjøtt?
  • Kva er poenget med økologisk mat – redninga eller tull og tøys?
  • Korleis lage burger av gras?
  • Korleis klarer insekta jobben med å gi oss mat i klimaendringane si tid?

Haugesund ligg litt for langt unna til at ein kan få det med seg utan at det går utover arbeidsdagen. Det er no ein skulle ha budd i Lier igjen. -Uansett, gå om du kan!

Billettar til #klodenvår finn de her.

Handletips

Her er eit lite handletips, om du er på jakt etter plastfri tamedkopp eller drikkeflaske. Agent M har rabatterte prisar på akkurat dette no, og då eg er ein veldig nøgd kunde, deler eg rabattkodane videre!

unnamed-2
Bilete lånt frå agentm.no.

Legg du inn rabattkoden «JOCOERBEST», får du 15% avslag på dei fine tamedkoppane frå Joco!

unnamed
Bilete lånt frå agentm.no.

Legg du inn rabattkoden «PURAERBEST», får du 15% rabatt på Pura-flasker i nettbutikken.

Rabattkodane legg ein inn når ein kjem til betalingssidene, og dei gjeld ikkje på varer som allereie er sett ned i pris.

Desse produkta er plastfri, skikkeleg fine og ein god idè til julegåve til den som vil leve meir søppelfritt!

Eg får ikkje noko for å skrive dette innlegget, -det er berre hyggeleg å spreie ordet vidare om ein skikkeleg fin nettbutikk. Melder du deg på nyhetsbrevet deira, får du fleire gode tilbod og rabattar sendt på mail.

Ha ein fin søndagskveld, då folkens!

Inga

LagreLagre

Lesetips

Før haustferien lånte me bøker på biblioteket, og den eine boka enda opp med å bli lest på rundgong i Danmark. Selvforsyning i praksis – alt du trenger å vite av Maria Österåker, er boka som gir deg svar på alt du har lurt på. Same om du berre ynskjer å vere sjølvforsynt med nokre krydder i krukker på terrassen, eller om du vil bli mest mogleg sjølvberga med dyrehald, bikuber og det heile, -denne boka tek for seg alle nivå.

Kva for nokre høner verper best? Kor mykje plass må ein ha for å bli sjølvforsynt med grønsaker året rundt? Korleis dyrker ein best i potter? Korleis kan ein sjå at det er for lite av enkelte mineral i jorda? Kva er vekselbruk og kvifor er det smart når ein skal dyrke grønsaker? Kva treng ein gris for å trivast? Korleis bygger ein ein kompostbinge? Korleis lager ein pølser? Alt dette og meir til får ein svar på.

Boka har fine bilete, god tekst og illustrasjonar og tabellar som gjer alt enkelt å forstå. Den seiler rett inn på ynskjelista mi til jul!

Ha ein fin dag!

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Skallerup

     

Me var så heldige å bli invitert med på haustferie til Danmark i år. Svigers tok oss med til Jylland, kor me budde på Skallerup. Ein super stad å bu, -også når det ikkje er badesesong.  Vakre omgjevnadar, mykje å finne på, og kort veg til Skagen, Aalborg og andre severdigheter på Jylland. Batteria er fullada og me kjem veldig gjerne tilbake!

     

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre