Skallerup

     

Me var så heldige å bli invitert med på haustferie til Danmark i år. Svigers tok oss med til Jylland, kor me budde på Skallerup. Ein super stad å bu, -også når det ikkje er badesesong.  Vakre omgjevnadar, mykje å finne på, og kort veg til Skagen, Aalborg og andre severdigheter på Jylland. Batteria er fullada og me kjem veldig gjerne tilbake!

     

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Bingo på tur

Mange har haustferien denne veka, medan andre byrjar på den i morgon. Kanskje har ein planlagd tur anten i skogen, på fjellet eller rett og slett i nærområdet der ein bur? Om du har born, veit du at skilnaden mellom suksess og fiasko ofte er nervepirrande liten. Dagsform, blodsukker, ein pinne nokon har mista eller at ein ikkje heilt er på godfot med syskenet den dagen, kan gjere ein liten skogstur til ei klatring på Mount Everest. Då er det godt å ha noko på lur, som kan få fokus over på noko anna.

Me har fleire gonger nytta oss av Turistforeningen sin turbingo når me har vore ute på tur. Ungane tykkjer det er kjempeartig å leite etter ting dei kan krysse av på papiret. Dei gløymer tid og stad, og turer i veg. Ekstasen er like stor kvar gong dei finn noko nytt. At det er bilete av det dei skal finne, gjer at også dei minste kan bli med.

Etterkvart har me også laga våre eigne turbingoar. Ein kan tilpasse innhaldet i det vide og breie. Ein tur i nabolaget, ein dag på stranda, ein tur på fjellet eller kanskje ei vandring i byen? Her set berre fantasien grenser.

Over ser de Turbo sin turbingo. Under er det ein haustferie-mal, om ein vil lage sin eigen. Ein kan sette malen inn i Word eller Paint og lime inn bilete og illustrasjonar i rutene, før ein printer det ut. Eventuelt kan ein skrive ut ein blank versjon og la større ungar teikne og skrive i rutene sjølve, før dei går ut på leiting. Veldig kjekt!

Andre fine tips og triks, kan ein finne her:

10 tips til uteaktiviteter med barna (Aftenposten.no)

 10 tips for en vellykket tur med barn (Turistforeningen.no)

Tips for tur med barn (Ut.no)

Harvest hakkespettbok: Før turen starter (Harvest.no)

 

Har de nokre lure kort i ermet når de er på tur med born?

LagreLagreLagreLagre

LagreLagreLagreLagreLagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Sykkel for bil

I august kjøpte me oss syklar med mål om å ha fleire bilfrie dagar. Slik er status så langt:

August: 7 bilfrie dagar

Syklane kom i hus i midten av månaden, og ei av vekene hadde me besøk frå Tyskland som brukte den eine sykkelen vår. Slik sett er me godt nøgde med 7 dagar.

September: 8 bilfrie dagar

Denne månaden har me køyrt for mykje bil. Målet er å ligge på minimum 10 bilfrie dagar i månaden. Er 1/3 av månaden bilfri, er me kjempenøgde!

Elles har eg brukt sykkelen til og frå jobb kvar dag sidan me fekk syklane i hus. I tillegg har det blitt mykje sykling utanom.

 

5 erfaringar etter 1,5månad som kvardagssyklist 

1. Det finst (nesten) ikkje dårleg vêr

Det ser som oftast ut til å vere dårlegare vêr ute, når du står inne i varmen og kikar ut. Når du først er utandørs, går det meste an! Dei gongene vêret likevel er ille, kjem du langt med gode regnklede.

2. Radiusen for å ferdast utan bil har blitt utvida

No syklar eg over alt. Til handel i byn og på Raglamyr, til Djupadalen, til arrangement på kveldstid i sentrum, til mathandel, til venninner som bur på andre sida av byen. Er det for langt å gå, vel eg heller sykkel foran bil.

3. Ein blir gladare og i betre form

Å sykle til jobb, til butikken, til konsert etc. er gratis trening! Å trekke ei sykkelvogn fullasta med handleposar, kan vere heilt på nivå med ein spinningtime. Grunnformen er blitt merkbart betre etter at eg byrja å sykle meir. Eg kjenner meg meir vaken då eg får meir frisk luft og dagslys, og det får ein igjen mykje endorfiner av.

4. Haugesund sentrum har komt nærare

Me bur midt mellom sentrumskjerna og kjøpesenterområdet Raglamyr. Då me har hatt ærend i butikkar tidlegare, har det ofte vore enklast å ta bilen til Raglamyr. Kort veg med bil og gode parkeringsmoglegheiter, har trumfa få parkeringsplasser i sentrum og «tråklete» veg. Etter at me fekk syklane, har vegen til sentrum blitt mykje kortare. Å hive seg på sykkelen og trå ned til sentrumsbutikkane, er lettvint, effektivt og beint fram triveleg. Ein slepp og å tenke på parkeringsplass og parkeringsavgift. Dette har gjort at eg den siste månaden stort sett har handla i sentrum, og brukt sykkelen som framkomstmiddel.

Mange har vore skeptiske til sykkelvegen i Skjoldavegen, og å legge meir til rette for sykkel enn bil, samstundes som dei ynskjer meir handel i sentrum. (Den syltynne) empirien min viser at ein bruker sentrumsbutikkane i større grad som syklist, enn som bilist!

5. Det er utfordrande å vere kul, kontinental syklist i Haugesund

Så var det dette med stil. Sjølv om ein kunne tenkje seg å sjå ut som ein avslappa og kul københavner på hjul, ender ein opp med å sjå rimeleg, tja …. norsk ut. Dropp stil, kryp til korset og skaff deg ei regnbukse, ein god hjelm og refleksvest med ein gong. Me bur i Noreg. Landet med regn, snø, stiv kuling og minusgrader på ein gong. Kul kan ein sjå ut når ein kjem fram!

 

Ha ein flott dag, -med eller utan sykkel!

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagreLagreLagreLagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Miniferiane er dei beste

Utefrukost med utsikt til eit blikkstille vatn.

Er det ein ting me er dårlege på her heime, så er det å ha barnefri. Me rekna oss fram til at siste døgn utan born var i februar då me var i bryllaup i Oslo. Me byrja å legge grandiose planer om storbyhelg tidlegare i haust, men vekene fyk avgarde og det vert travlare og travlare dess nærare me kjem jul.

Likevel vart det miniferie til slutt! Ein særs spontan og enkel ein, men ikkje mindre luksuriøs. Det skal ikkje mykje til for å gle småbarnsforeldre. Då me for nokre veker såg at det var meldt strålande vêr på Yr.no den komande helga, heiv me oss rundt og booka ungane inn hjå besteforeldra. Me reiste rett opp på hytta til foreldra mine som ligg i Etnefjella.

Utsikt frå kjøkenglaset på morgonkvisten.

Vêl oppe fekk me gått ein lang fjelltur (som me aldri gjer lenger), lest bøker og aviser i ro og mak (som me sjeldan gjer lenger) og sove 11 timar(!) samanhengane gjennom natta (noko som eg ikkje hugsar når skjedde sist). Ein meir luksuriøs ferie kunne me ikkje ha fått, og då 24 timar var gått, sakna me ungane slik at mannen køyrte ned til bygda for å hente dei. Dei måtte også få ein smak av haustfjellet! Det vart ein uhyre kort men særs effektiv miniferie. Denne skal me kan leve lenge på utover hausten!

Me gjekk ut til kanten av Gaddafjellet, der me hadde flott utsikt over Etne medan me rasta.

Etnefjella er forresten ei perle om ein vil ut på tur. Neste somar har eg utruleg lyst til å gå Gullruta til Turistforeningen, frå Simlebu til Olalihytta. Det skal vere ei fantastisk oppleving!

Den fine bloggen Turjenter var på besøk i Etnefjella i 2016, og skreiv eit interessant innlegg med flotte bilete her.

Ha ein flott dag!

LagreLagre

Vår ladbare hybrid

For dei som har lest denne bloggen ei stund, så veit de at me hadde ein VW Passat som var dekka av VW-skandalen. Me leasa bilen i den tru at den skulle ha lågare utslepp «på grunn av ein ny Blue Motion-teknologi», men det viste seg å ikkje stemme. I staden hadde den langt høgare utslepp enn me trudde. I tillegg gjekk me for ein diesel-versjon, då det var i den tida det var anbefalt fordi det skulle vere mindre miljøvenleg. Også dette har blitt motbevist i etterkant.

Då det var tid for å lease ny bil, gjekk me denne gongen for ein Passat GTE, ein ladbar hybrid-bil. Me lurte på om me skulle prøve heilelektrisk denne gongen, men feiga ut då me med jamne mellomrom også køyrer lengre distansar til Sørland og Austland. -Uansett, me er enormt nøgde!

Eg er i overkant oppteken av lokale utslepp såvel som dei globale. Etter å ha studert i Bergen og kjent forureininga i bygryta der på kroppen sjølv, ville eg ha ein bil som køyrte mest mogleg «reint». Mykje av køyringa vår er korte avstandar i byen, og då køyrer me berre på elektrisitet.

Denne Passaten har to motorar. Ein bensinmotor og ein el-motor som avvekslar kvarandre og jobbar saman. Bilen er automatisk innstillt på e-modus, som gjer at den først bruker størsteparten av elektrisiteten før den går over på bensin. Me ladar som oftast på natta, og då er bilen til ei kvar tid fullada. I tillegg kan ein slå på e-modus manuelt når ein køyrer undervegs. Ein har heile tida god oversikt i displayet foran over kor store rekkevidde ein har igjen på el-motoren. Maksimalt kan ein køyre 50 km før elmotoren må ladast att, men av erfaring varierer dette litt ut i frå temperatur og anna. Må ein bruke elektrisitet på oppvarming og liknande i bilen, tapper dette også av el-motoren. På langkøyring stoppar me likevel uansett og har pausar innimellom, og då har me gode erfaringar med å bruke ladestasjonar. Slik kan ein forlenge el-rekkevidden undervegs.

Dei lengste turane me køyrer i kvardagen, er når me med jamne mellomrom reiser til Etne. Det er ein times køyring frå Haugesund. For dykk som er lokalkjende, kjem me til Ølensvåg når me køyrer på el frå Haugesund. Då er ein stor del av turen tilbakelagd.

Bakdelen med denne hybriden, er at den har større utslepp når den brukar bensin-motoren, enn ein vanleg Passat med bensinmotor. Men me prøver som sagt å begrense bensin-køyringa ved å lade ofte.

Eg er ikkje den mest bilkyndige personen, men må seie at eg ikkje merkar skilnad mellom å køyre hybrid-Passat og vanleg Passat. Det må vere ein god konklusjon! Likevel ser me at me på sikt kan klare oss med ein heilelektrisk bil, då teknologien og rekkevidden på dei berre blir betre og betre.

Det er deilig å vete at ein ikkje bidrar til å redusere luftkvaliteten i Haugesund når me må velje bil foran beina og sykkel. I tillegg bruker me langt mindre pengar på drivstoff, noko som også er eit fint økonomisk argument for å velje grønt i bilvegen. Det er herleg!

(Alle illustrasjonsbileta er henta frå vw.no)

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre