
Etter å hatt baby i tre månadar er eg overraska over kor lite ein eigentleg treng. Ein møter mange guidar og lister på nettet over saker ein «må» ha, men etter mitt syn kjem det veldig an på kva ein har lyst til å bruke pengar på. Mykje har ein allereie i hus!
Det er viktig å påpeike at når det kjem til babyutstyr, er smaken er litt som baken. Nøyaktig kva ein tykkjer er praktisk og fint å ha, varierer frå person til person. Me lever ulike kvardagar med ulike behov. Det er difor viktig å tenkje over kva du eigentleg har bruk for og ikkje nødvendigvis følge alle lister og tips ein får.
Likevel tenkte eg eg skulle skrive nokre ord om kva me tykkjer har vore nyttig. Me har begrensa oss litt då me har så og sei ingen oppbevaringsplass igjen. Lysta på å fylle heimen med fleire ting har difor vore liten.
Stelleveske. Bruk ei veske eller handlenett med hank som du har liggande. Det viktigaste er at det rommar det det skal og at du enkelt kan slenge det over skuldra på veg ut døra. Me brukar ei gamal veske frå Zara. Den fungerer supert og når babytida er over, kan eg nytte den som vanleg veske igjen.
Stelleunderlag. Det er greit å ha eit underlag til babyen når ein må ta eit stell på ein kafé, bensinstasjon eller for den saks skuld, i bilen. Her finst det både ferdigsydde babyunderlag og eingongsunderlag i papir på marknaden. Mange kjøper eller får det med når dei kjøper stelleveske. Å bruke eit lite handklede er minst like bra. Det tek liten plass og når det har vore i bruk, slenger ein det berre i vaskemaskina. Hygienisk og enkelt.
Stelleprodukt: Heime skyller me stumpen i lunka vatn i vasken og tørker han anten med eit handklede eller lar han lufttørke. Ute er det alright å ha med våtserviettar då det ikkje alltid er mogleg (eller særleg freistande) å skylle stump. Det er mange fine svanemerka våtserviettar på marknaden. Til dømes desse frå Neutral som også er parfymerfri.
Som nybakte foreldre får ein mange gratisprøvar på kremar og liknande til babyhud. Her er erfaringa at det enkle er ofte det beste. Bruk potetmjøl! Det er eit vidundermiddel! Bruk det raust i alle krinkelkrokar. Me har enda ikkje sett noko til sår stump. Dersom det har vore antydning til raude område, har me hatt på litt sinksalve, men det har vore ein sjeldan gong. Heime har me ein pakke potetmjøl ståande ved stellematta. Det er supert om ein kan ha med potetmjøl i ein liten boks eller annan behaldar i stelleveska. Etter graviditeten hadde eg eit ubrukt urinprøveglas liggande i badeskapet (ein avgir hinsides mange urinprøvar gjennom ein graviditet!). Det fungerer no som potetmjølbehaldar og er med i stelleveska.
Bleier: Etter å ha grubla litt fram og tilbake mellom tøybleier og papirbleier, landa me på papirbleier. No har fleire av bleiemerka blitt svanemerka (inkl. Libero) noko som er kjempefint. Det er likevel mange gode grunnar til også velje tøybleier då det er meir miljøvennleg enn papirbleier. Mange kommunar har støtteordningar for innkjøp av dette og t.d. Koffeine har skreve litt om sine erfaringar med tøybleier her. Ein kjempefin post med interessant lesnad.
Avfallsposar: Det er som oftast avfallsdunk der ein skifter bleier. Eigne plastposar til bleiene er difor overflødig. Det kan likevel vere lurt å ha oppbevaring til skitne klede. Eit handlenett som kan lukkast eller eit putevar er genialt å bruke som skittentøyspose, då dei kan vaskast i vaskemaskina og brukast på nytt.
Elles er det lurt å ha med vanlege saker som eit klesskift, ekstra smokk, ei leike, nokre q-tips for born (til auge, nase og øyrer) og ein pakke kleenex eller ein rein klut.
Til sist og ikkje minst: hugs å fylle på etter at du har vore ute av døra. Kremt. Elles kan ein risikere å til dømes stå på Gardermoen med baby med bæsj til nakken, null bleier eller klesskift i stelleveska og ingen bleier til sals innanføre sikkerhetskontrollen. Himmel og hav. Takk for rause babyforeldre, galgenhumor og varme utenpådressar som ein kan reise nesten naken i.
Har de andre lure utstyrstips som sparer lommebok og miljø?
/Inga