…er å stå under eit blomstrande kirsebærtre.
Kategori: Vår
Litt flower power for å sparke i gong veka
Torsk, jordskokk og spekepølse frå Etne

Rett før me sette oss i bilen i Etne for å køyre heim etter ferien, grov mannen opp jordskokk i åkeren. Der har den vore og kost seg over vinteren. Jordskokk er noko av det beste eg veit. Skjær det i bitar og bak i omnen med andre rotgrønsaker eller bruk det i stappe saman med til dømes potet. Jordskokken set ein heilt fantastisk, nøtteaktig smak på maten! Har du ikkje smakt det før, bør du legge det i handlekorga neste gong du kjem over ein knoll på butikken.
Litt av rota skal plantast her i hagen i Haugesund (uuups! Stryk det. Moderen ringte og sa at det var lite lurt i eit tett bustadområde då den veks som ugras. Det er altså betre å plante den i ein avskjerma hage om du ikkje vil spre jordskokk over heile nabolaget), men resten skal fortærast til middag. Første knollane hamna i gryta allereie på tysdag då det var skrint i kjøleskapet etter ei veke borte. Med pappa sin torskefilet frå frysen, jordskokk blanda med potet i ein purè, ein litt småtrist broccoli og siste stump av pestopølsa til den lokale spekeprodusenten Lundal, vart det reine festmiddagen. -Og definitivt den mest kortreiste så langt i 2015!
Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Trines matblogg som eg har brukt gjentatte gonger. Ofte med litt ulike ingredienser, men målet er alltid den same smakskombinasjonen: salt kjøt, mild torsk, og smøraktig stappe av noko slag. Om ein i tillegg har noko søtt, er det toppen av kransekaka. Eg har prøvd ut varianten med granateple, men om ein ikkje har det, kan ein nytte fantasien. -Som til dømes betar av eple, pære eller kanskje til og med jordbær! Denne gongen hadde eg ingen av delene, men toppa heller med litt chiliolivenolje.
Kortreist og godt som berre det!
/Inga
Jula varer heilt til påske, -og påska varer heilt til…?

Dvalen er over! Eg har for mykje matprat og miljøprat inni hovudet som må ut. Blogginnhaldet har returnert til Notisboka. Det var her det høyrde heime.
Det er andre påskedag og eg har hatt ei feiande fin påske. Som alltid kjem kvardagen litt brått på etter ein fin ferie. Er det fleire som har det slik?
Heldigvis vart returen til kvardagen litt mjukare denne gongen, då me fekk med oss ei skikkeleg fin påskegåve tilbake til byen. Ei god venninne sende med oss ferske egg frå hønene deira og no gler eg meg til å lage noko ekstra fint av dei! Moglegvis må eg porsjonere dei ut og lage litt forskjellig. I mellomtida skal dei stå i ei skål på kjøkenbenken saman med påskepynten til poden og skape litt påskestemning utover denne veka også. Då siste julepynten vart fjerna like før påske, kan påskepynten meir enn gjerne bli litt til den også!
/Inga
Blomster og bier
Me må ta ein prat om blomster og bier. Det er kremt…hark….ehmm…litt viktig. For å sei det slik….
…Neida. Puh! Det er heldigvis lenge til eg må ta den praten med nokon!
Men. Me må prate om blomster og bier. Bokstaveleg talt og alvorleg talt.
Biedød eller Colony Collapse Disorder (CCD) som det også heiter, er noko forskarar over heile verda undrar seg over om dagen. Det har vore ein stor tilbakegong i bestanden av bier og humler over heile verda dei siste åra. Mest sannsynleg er det mange samansette årsakar til dette problemet. Forureining, klimaendringar og stråling frå mobil vert framheva som potensielle årsaker.
Biedød er ikkje berre eit miljøproblem, det er også eit samfunnsproblem då pollineringa til biene bidrar til 1/3 av verda sin matvareproduksjon.
Biedød vert sett på som såpass alvorleg at EU no har forbydd tre sprøytemiddel som ein mistenker bidrar til tilbakegong i bestanden. Dette er bra.
Men kva kan me gjere? Klippet ovanfor tek for seg kva hageeigarar og andre kan bidra med for å skape trivselsmiljø for humler og bier i omgjevnadene våre. Slik kan me bidra til at humler og bier får tilgong til den nektaren dei treng og får leve i eit berekraftig miljø!
Kanskje oppdagar du at du allereie har ein bievenleg hage! Eller kanskje får du idear til blomar og vekster du kan plante som hevar trivselen? Her er mange gode idear og nyttig informasjon.
/Inga