Om meg

0031sh
Foto: Shot by Skeie

Hei!

Eg heiter Inga og er haugesunder, etnesbu, mor, kåne og lærar i det daglege. Eg er oppvaksen på eit småbruk, men bur no i eit rekkehus i byen. Eg elskar mat, sykling, bøker, Tyskland og å preike med folk.

Som dei fleste andre, er eg bekymra for klimaet og kva klode borna våre skal arve etter oss. Kvar dag gjer eg difor forsøk på å redde jorda, -litt.

Korleis? -Det prøver eg å finne ut her. Av og til går det skikkeleg bra, -andre gonger ikkje fullt så bra. Eg deler erfaringar etterkvart som eg vert litt klokare.

I tillegg til grøn kvardag, finn du også anna samfunnsengasjement, matprat og andre fine saker. Gi gjerne ein lyd i kommentarfeltet eller på mail! Det set eg særs pris på.

God lesnad!

/Inga

E-mail: notisboka@gmail.com

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre